Middelvassføring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Middelvannføring er eit omgrep innanfor hydrologi som refererer til mengda, d.v.s. volumet av vatn som blir transportert gjennom ei elv per tidseining. Måleeininga som blir brukt er vanlegvis m³/s (kubikkmeter per sekund). Til dømes er den gjennomsnittlege vassføringa i Rhinen er 2200 m³/s. Jo større vassføringa i ei elv er, dess større evne har elva til å transportere sediment. Middelvassføringa i ei elv kan estimerast ved å ta eit kryssnitt av elva sitt areal og multiplisere det med elva si gjennomsnittlege fart.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]