Midgard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer Midgard i midten
Yggdrasil held verda oppe, Midgard i midten kviler på røtene av treet
Sjå òg Middle-earth, J.R.R. Tolkien sitt oppdikta kontinent, omsett til norsk som Midgard.

Midgard (norr. Miðgarðr) er i norrøn mytologi menneska sin buplass, som æsene bygde av Yme sin lekam. Midgard ligg utanfor Åsgard, mellom gudeheimen og jotunheimen. Midgard ligg midt i det norrøne verdsbiletet.

Omgrepet Midgard er svært gamalt. Ein finn det i fleire germanske språk, og tidlegast i Codex Argenteus frå 333. Her nyttast ordet Midjungard, som er gotisk for Midgard, i Juleevangeliet. På Gamalengelsk er omgrepet Middangeard, som vart til Middle-earth i Tolkien si diktarverd. Vi får tru at ordet tyder på ein sams grunnleggjande verdsoppleving for dei germanske folka.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.