Midtausten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Midtausten

Midtausten er regionen mellom Middelhavet og Persiabukta. Land i det vestlege Asia og det nordlege Afrika som grensar til den regionen, vert òg ofte rekna med.

Eurosentrisme[endre | endre wikiteksten]

Mange har kritisert namnet Midtausten av di ein kan oppfatta det som eurosentrisk. Regionen ligg i aust frå ein vesteuropeisk ståstad, men for ein indar ligg han i vest. For ein russar ligg han i sør. Førestavinga midt- har også førd til ein del forvirring, av di før første verdskrigen, nytta ein ofte uttrykket Det nære austen om Balkan og Det osmanske riket, medan Midtausten viste til Persia, Afghanistan og nokre gonger Sentral-Asia, Turkestan og Kaukasus. Til skilnad frå Det fjerne austen som viste til landa i Aust-Asia som Kina, Japan, Korea, Hongkong, Taiwan osv. Etter at Det ottomanske imperiet fell i 1918, slutta ein å nytta uttrykket Det nære austen, medan Midtausten i større grad vart nytta om dei nye statane i Den arabiske verda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.