Mieszko II Lambert av Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mieszko II Lambert
Mieszko II Lambert.jpg
Konge og hertug av Polen
Regjeringstid 1025 - 1034
Fødd 990
Død 1034
Gift med Rycheza
Far Bolesław I
Mor Emnilda
Born Kasimir I, Ryksa, Gertruda

Mieszko II Lambert (fødd 990, død 10. eller 11. mai 1034) var konge av Polen frå 1025 til 1031, og seinare hertug av Polen frå 1032 til 1034. Han høyrte til Huset Piast, og var andre son av Bolesław I den modige.

Noko urettferdig fekk han tilnamnet Gnuśny (som kan omsetjast som den late), som var kanskje meint å skulle reflektere den uheldige måten styret hans enda på. I byrjinga av regjeringstida hans var han derimot ein dyktig og talentfull herskar, som vidareførte faren sin vellykka politikk.

Mieszko tok over makta (og krona seg sjølv til konge) etter faren døydde, og forviste truleg dei to brørne sine (Bezprym og Otto) frå landet. Han organiserte to vellukka invasjonar av Sachsen i 1028 og 1030, og kom slik den nye tyske keisaren Konrad II i førevegen då han var i ferd med å gå til krig mot Polen. Seinare førte Mieszko defensive krigar mot tyskarane, tsjekkarane og hertugane av Kievriket.

Polen fann seg etterkvart i ein vanskeleg situasjon, då nabostatane til riket prøvde å vinne tilbake områda som Mieszko I og Bolesław I hadde erobra, samstundes som Mieszko II sine to brør – i sin kamp om makta – søkte støtte frå ei tysk-russisk koalisjon. Mieszko heldt ikkje ut det samtidige åtaket på riket i 1031 av Konrad II (med Otto) i vest og Jaroslav I (med Bezprym) i aust, og flykta til Tsjekkia, der han vart teke til fange av den tsjekkiske hertugen Oldřich.

I mellomtida tok Bezprym over makta i Polen. Det brutale styret hans førte derimot til at han vart drepen nokre månader seinare. Etter Bezprym døydde i 1032 vart Mieszko sett fri, og etter han kom tilbake til Polen prøvde han å vinne tilbake makta.

For å sikre støtte hos den tyske keisaren måtte han derimot sei frå seg kongetittelen, og dele det polske territoriet i tre delar – mellom seg sjølv, bror sin Otto og slektningen Dytryk. Slik kom han tilbake til makta som hertug av den største av dei tre landdelene, men denne tredelinga vart derimot ikkje langvarig, for etter Otto døydde tok han over hans landdel, forviste Dytryk og klarte slik – kort tid før han døydde å samle Piastane sitt rike.

Situasjonen i landet vart derimot ikkje stabilisert – under Bezprym sitt styre hadde det kome til opprør blant jordeigarar og bønder mot stormennene og kyrkja (den paganske reaksjonen), og etter Mieszko døydde vart landet ytterlegare svekka av indre anarki. Kona hans og sonen vart forvist frå landet, kaoset vart forsterka med tsjekkarane sine plyndretokt i riket (mellom anna vart Gniezno lagt i grus).

Under Mieszko II si tid mista Polen områda Bolesław I hadde erobra: Morava, Łużyce, Milsko og Raudrutenia (Aust-Galicia). Etter Mieszko I og Bolesław I sine vellukka styre hamna den unge polske staten under Mieszko II – som følgje av mange forskjellige faktorar vel å merke – i ein svekka og uklår posisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]