Migrene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Migrene (frå gresk ημικρανίον) er ei form for hovudpine, som oftast særs intens og hemmande. Hovudpine er ikkje alltid til stades i migrene, og ein kan òg få symptom som å sjå blinkande lys, tap av delar av synsfeltet og til og med lamming av musklar. Migrene er ein nevrologisk sjukdom med utgangspunkt i blodomløpet.

Ordet migrene stammar frå gresk hemikrania, av hemi- 'halv' og kranion 'kranium', då ein får smerter i eine halvparten av hovudet.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.