Miguel Ángel Asturias
Miguel Ángel Asturias (fødd 19. oktober 1899 i Guatemala by; død 9. juni 1974 i Madrid) var ein guatemalansk forfattar og diplomat.
I 1967 fekk han Nobelprisen i litteratur for den såkalla Banantrilogien, med begrunninga «for dei fargerike litterære verka sine, med djupe røter i den nasjonale eigenarten og tradisjonane til Latinamerikas indianske folkeslag».[1][2]
| Nobelprisen i litteratur 1967 |
Innhaldsliste |
Liv [endre]
Asturias studerte jus i heimlandet. Etter avslutta studiar grunnla han saman med vener ein folkehøgskole som gjorde det mogleg for fattigfolk å få utdanning. I 1923 reiste han til Europa for å studere politisk økonomi i London, men avbraut studiet etter få månader. I staden studerte han religion og folkeminnevitskap ved Sorbonne, spesielt dei før-kolumbiske kulturane i Latinamerika. Etter avslutta studiar gjorde han fleire reiser gjennom Europa. Det var på denne tida dei første litterære verka hans kom ut.
I 1933 vendte han tilbake til Guatemala. Etter at diktatoren Jorge Ubico blei styrta i 1944, gjekk Asturias inn i diplomatiet og blei året etter kulturattaché ved den guatemalske ambassaden i Mexico City og frå 1947 i Argentina. Han gav på denne tida ut fleire verk som ikkje kunne publiseras under diktaturet. Då regjeringa til president Jacobo Árbenz Guzmán blei styrta under eit kupp i 1954, trekte Asturias seg tilbake frå verva sine og gjekk i eksil i Argentina fram til 1962. Etter at det på ny blei halde frie val i Guatemala, blei han igjen diplomat for landet sitt og reiste til Paris som ambassasør.
Miguel Ánge Asturias er gravlagd på Père-Lachaise-plassen i Paris.
Virke [endre]
Asturias er ein representant for magisk realisme i latinamerikansk litteratur og bearbeidar mytene og legendene til dei heimlege indianske folka i verka sine. Han tek òg opp dei sosiale, politiske og økonomiske forholda i Latinamerika, dei negative verknadene av diktatura og USA sin rolle i denne regionen.
Referansar [endre]
- ↑ "for his vivid literary achievement, deep-rooted in the national traits and traditions of Indian peoples of Latin America".
- ↑ Miguel Angel Asturias på nobelprize.org
Bakgrunnsstoff [endre]
- Verk av og om Miguel Ángel Asturias i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Miguel Angel Asturias
- Asturias på iaiweb1.iai.spk-berlin.de
- Biografi på literaturaguatemalteca.org
- Heimeside via Banantrilogien
|
|
||
|---|---|---|
| 1901–1925 | Prudhomme (1901) · Mommsen (1902) · Bjørnson (1903) · Mistral, Echegaray (1904) · Sienkiewicz (1905) · Carducci (1906) · Kipling (1907) · Eucken (1908) · Lagerlöf (1909) · Heyse (1910) · Maeterlinck (1911) · Hauptmann (1912) · Tagore (1913) · Inga utdeling i 1914. · Rolland (1915) · von Heidenstam (1916) · Gjellerup, Pontoppidan (1917) · Inga utdeling i 1918. · Spitteler (1919) · Hamsun (1920) · France (1921) · Benavente (1922) · Yeats (1923) · Reymont (1924) · Shaw (1925) | |
| 1926–1950 | Deledda (1926) · Bergson (1927) · Undset (1928) · Mann (1929) · Lewis (1930) · Karlfeldt (1931) · Galsworthy (1932) · Bunin (1933) · Pirandello (1934) · Inga utdeling i 1935. · O’Neill (1936) · du Gard (1937) · Buck (1938) · Sillanpää (1939) · Inga utdeling i 1940–1943. · Jensen (1944) · Mistral (1945) · Hesse (1946) · Gide (1947) · Eliot (1948) · Faulkner (1949) · Russell (1950) | |
| 1951–1975 | Lagerkvist (1951) · Mauriac (1952) · Churchill (1953) · Hemingway (1954) · Laxness (1955) · Jiménez (1956) · Camus (1957) · Pasternak (1958) · Quasimodo (1959) · Perse (1960) · Andrić (1961) · Steinbeck (1962) · Seferis (1963) · Sartre (1964) · Sjolokhov (1965) · Agnon, Sachs (1966) · Asturias (1967) · Kawabata (1968) · Beckett (1969) · Solzjenitsyn (1970) · Neruda (1971) · Böll (1972) · White (1973) · Johnson, Martinson (1974) · Montale (1975) | |
| 1976–2000 | Bellow (1976) · Aleixandre (1977) · Singer (1978) · Elytis (1979) · Miłosz (1980) · Canetti (1981) · Márquez (1982) · Golding (1983) · Seifert (1984) · Simon (1985) · Soyinka (1986) · Brodsky (1987) · Mahfouz (1988) · Cela (1989) · Paz (1990) · Gordimer (1991) · Walcott (1992) · Morrison (1993) · Ōe (1994) · Heaney (1995) · Szymborska (1996) · Fo (1997) · Saramago (1998) · Grass (1999) · Gao (2000) | |
| Frå 2001 | Naipaul (2001) · Kertész (2002) · Coetzee (2003) · Jelinek (2004) · Pinter (2005) · Pamuk (2006) · Lessing (2007) · Le Clézio (2008) · Müller (2009) · Vargas Llosa (2010) · Tranströmer (2011) · Mo (2012) | |