Miguel Indurain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Miguel Indurain under ein pressekonferanse

Miguel Ángel Indurain Larraya (fødd 16. juli 1964) er ein tidlegare spansk syklist som vert rekna for ein av dei beste syklistane i historia.

Frå 1991 til 1995 vann Miguel Indurain Tour de France fem gongar på rad, noko ingen andre hadde greidd før. I 1992 og 1993 vann Indurain dessutan etapperittet Giro d'Italia. I 1994 sette han verdsrekord i 1 times sykling ved å leggje bak seg 53,040 kilometer.

I 1996 forsøkte Indurain å vinne Tour de France for sjette gongen, men måtte då sjå seg slått av den danske syklisten Bjarne Riis, som seinare har medgjeve at han brukte doping for å kome til topps). Under dei olympiske leikane i Atlanta same år, tok Indurain gull i temporittet. Etter denne OL-sigeren la Indurain opp som syklist.

Seinare har Lance Armstrong slått Indurains rekord ved å vinne Tour de France sju gongar, frå og med 1999 til og med 2005.

Høgdepunkt i karrieren[endre | endre wikiteksten]

Tour de France 
1987: 97.plass
1988: 47.plass
1989: 17.plass
1990: 10.plass
1991: Jersey yellow.svg1.plass
1992: Jersey yellow.svg1.plass
1993: Jersey yellow.svg1.plass
1994: Jersey yellow.svg1.plass
1995: Jersey yellow.svg1.plass
1996: 11.plass
Giro d'Italia 
1992: Jersey pink.svg1.plass
1993: Jersey pink.svg1.plass
1994: 3.plass
Vuelta a España 
1985: 84.plass
1986: 92.plass
1987: Braut
1988: Braut
1989: Braut
1990: 7.plass
1991: 2.plass
1996: Braut

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]