Mikael Foslie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikael Foslie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. oktober 1855
Borge kommune
Død

9. november 1909 (54 år)
Trondheim

Yrke botanikar
Språk engelsk
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi
Mikael Foslie på Commons

Mikael Heggelund Foslie (21. oktober 18559. november 1909) var ein norsk botanikar frå Borge i Nordland, spesialist på havalgar. Han var far til Steinar Foslie.

Foslie var son til ein kyrkjesongar. I ungdomsåra arbeidde han som telegrafist i telegrafverket. Han var interessert i naturhistorie og byrja studere det marine livet, særleg havalgar. Frå 1880 fekk han statsstipend og kunne dermed vie seg heilt til studiane. Perioden 1885 til 1892 var han konservator ved Tromsø museum. Sidan styrte han samlingane ved vitskapsselskapet i Trondheim til han døydde.

Han gav ei rekke verk om systematikk til havalgane. Særleg arbeidde han med kalkalgar og ytte grunnleggjande tilskot til den vitskaplege litteraturen på feltet. I sine siste leveår sysle han på eit stort verk om kalkalgane, men rakk ikkje å fullføre det. I privatarkivet etter Foslie, som finst ved NTNU Universitetsbiblioteket, Gunnerusbiblioteket, er korrespondansen han førte om botanikk og zoologi.

Foslie døydde i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]