Mikael Wiehe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikael Wiehe 2005.

Mikael Christian Wiehe, (fødd 10. april 1946) i Stockholm, er ein svensk musikar, songar, tekstforfattar og komponist.

Wiehe sine tekstar, inspirererte av m. a. Bob Dylan, kan vere politiske eller personlege. Dei politiske forsøker ta opp politiske emne sett frå folkets side, eller tilhøve han sjølv meiner er urett. Wiehe var ein forgrunnsfigur for den svenske venstreorienterte musikrørsla på 1970-talet. Han var spelte ofte i lag med sin nære ven Björn Afzelius. Dei hadde blant anna rockegruppa Hoola Bandoola Band i lag, ei av dei fremste svenske proggrockgruppene.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Mikael Wiehe er voks opp i Kjøbenhavn (till 1952) og Malmö. Faren var dansk, mora svensk. Han tok pianotimar som barn, men var sjølvlært på gitar og saksofon. Det første orkesteret han spelte med var Cooling's Traditional Jazzmen, eit band under leiing av Hans Carling, år 1963.

Wiehe spelte i lag jazzorkesteret Bluncks Lucky Seven frå 1964 til 1967 og sidan i Mockers, eit meir poporientert band inspirert av The Beatles og Bob Dylan. Etter eit par år vart Mockers oppløyst, og han byrja å spele med Spridda Skurar, eit band som etter kvart gjekk over i Hoola Bandoola Band .

Etter at Hoola Bandoola Band vart oppløyst, starta Wiehe Kabaréorkestern. Åra 1986-87 spelte han i ein duo med Björn Afzelius, og dei gav ut eitt album.

Wiehe har utover det å skrive eigne songar, tolka andra artistar, framfor alle Bob Dylan sine songar. Det første albumet hans med Dylantolkingar, Dom ensligas allé, kom 1982. I samarbeid med Totta Näslund lagde han plata Totta & Wiehe - Dylan, som utkom 2006, etter at Näslund var død.

Album[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Hoola Bandoola Band. Samleplater er ikkje tatt med.

  • Sjömansvisor, Mikael Wiehe og Kabaréorkestern, 1978
  • Elden er lös, Mikael Wiehe og Kabaréorkestern, 1979
  • Kråksånger, Mikael Wiehe, Nyberg, Franck & Fjellis, 1981
  • Dom ensligas allé, Mikael Wiehe, Nyberg, Franck & Fjellis, 1982
  • Lindansaren, Mikael Wiehe & Co, 1983
  • Mikael Wiehe i Sverige, Mikael Wiehe & Co, 1984
  • Hemingwayland, Mikael Wiehe & Co, 1985
  • Björn Afzelius & Mikael Wiehe, 1986
  • Basin Street Blues, 1988
  • Allt er förändrat, 1991
  • Mikael Wiehe & Julio Numhauser, 1991
  • Det ligger döda kameler i min swimmingpool, 1992
  • Trollkarlen, 1994
  • Sevilla, 1998
  • En sång till modet, 2000
  • Kerlek & politik, 2004
  • Björn Afzelius & Mikael Wiehe 1993 - Malmöinspelningarna, 2004
  • Främmande land, 2005
  • Totta & Wiehe - Dylan, 2006

Kjende songar[endre | endre wikiteksten]

  • «Fred (till Melanie)» (Garanterat individuell, 1971)
  • «Vem kan man lita på?» (Vem kan man lita på?, 1972)
  • «Keops pyramid» (Vem kan man lita på?, 1972)
  • «Jakten på Dalai Lama» (På väg, 1973)
  • «Victor Jara» (Fri information, 1975)
  • «Titanic (Andraklasspassagerarens sista sång)» (Sjömansvisor, 1978)
  • «Flickan og kråkan» (Kråksånger, 1981)
  • «...ska nya röster sjunga» (Basin Street Blues, 1988)
  • «Den jag kunde va», till Björn Afzelius (Sevilla, 1998)
  • «En sång till modet» (En sång till modet, 2000)
  • «Det her er ditt land», översättning av «This Land is Your Land» av Woody Guthrie (En sång till modet, 2000)
  • «Livet» (Kerlek & Politik, 2004)

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

På nettet:[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mikael Wiehe
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mikael Wiehe