Mikal Kirkholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikal Kirkholt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. desember 1920
Rindal kommune
Død

28. juni 2012 (91 år)
Rindal kommune

Yrke langrennsløpar

Mikal Kirkholt (9. desember 192028. juni 2012) var ein norsk langrennsløpar som i 1952 deltok i dei olympiske vinterleikane i Oslo og vann ein sølvmedalje i 4x10 km stafett. Kirkholt, som var medlem av Sportsklubben Troll i Rindal, vann to sølvmedaljar under ski-NM 1951.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kirkholt vann to sølvmedaljar under noregsmeisterskapen på ski i Narvik i 1951. På 18 km kom han i mål på tida 1.03.15, dermed måtte han sjå seg slått av noregsmeisteren Hallgeir Brenden med elleve sekundar. Også på 30 km vart Kirkholt andremann, vel halvminuttet bakom Martin Stokken, men over to minuttar føre bronsevinnaren, klubbkameraten Edvin Landsem frå Troll.

I 1952 kom Kirkholt på femteplass på 30 km og sjuandeplass på 18 km i NM-løypene i Porsgrunn. Han fekk plass i OL-troppen og vart nummer tolv på 18-kilometeren. Dermed fekk han plass på det norske stafettlaget på 4x10 km. Han gjekk andre etappen for Noreg som kom i mål til ein olympisk sølvmedalje, Finlands fire utvalde vann ein suveren siger. Dei andre på Noregs lag var Magnar Estenstad, Martin Stokken og Hallgeir Brenden.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957
  • (en) Mikal Kirkholt – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.