Mikal Telle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mikal Telle (fødd 1976) er ein bergensk musikkmanager som står bak plateselskapa Tellé Records, Éllet og Opplett (saman med Erlend Øye). Telle er kjent for å vere ein katalysator for delar av norsk undergrunnsmusikk og elektronika.[1] Han står mellom anna bak Röyksopp, Datarock og Kings of Convenience.[2] I 1995 starta Telle platebutikken Primitive Records, som vart starten på utviklinga av Tellé Records, og via butikken fekk han distribuert utgjevingane han gav ut.[3] I 2002 fekk Telle Bergen kommune sin kunstnarpris på 50 000 kroner. I 2011 kom boka Øving er for drittband som handlar om Mikal Telle og Datarock.[5] Same år fekk han prisen «Årets Bylarmer».[6]

Litteratur [endre]

Ketil Mosnes: Øving er for drittband, Kapabel forlag, 2011 ISBN 9788281630345

Referansar [endre]

[1] ^ Dagbladet - Deler av norsk musikk ville vært annerledes uten ham
[2] ^ Dagbladet - Telles verden
[3] ^ Studvest-no - mannen bak musikken
[4] ^ Ballade - Mikal Telle hedret
[5] ^ Groove.no - Øving er for drittband
[6] ^ Bergensavisen - Mikal Telle er «Årets Bylarmer»

Bakgrunnsstoff [endre]

Offisielt nettsted