Mike Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mike Love
Mike Love.jpg
Mike Love i juni 2006.
Verkeleg namn Michael Edward Love
Opphav Los Angeles i California i USA
Fødd 15. mars 1941 (73 år)
Sjanger Pop
Rock
Surfemusikk
Yrke Vokalist

Michael Edward «Mike» Love (fødd 15. mars 1941) er ein amerikansk songar og låtskrivar i The Beach Boys. Han var med å starte opp bandet i lag med syskenborna sine Brian, Carl og Dennis Wilson, og venen deira Al Jardine.

The Beach Boys[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han spelte noko saksofon dei første åra, var Mike Love hovudsakleg solosongaren og frontmann i lag med Brian Wilson. Love song solovokal på mange av dei største hittane til The Beach Boys, som «Surfin' Safari», «Surfin' USA», «Little Deuce Coupe», «Be True to Your School», «Fun, Fun, Fun», «Little Saint Nick», «I Get Around», «When I Grow Up (To Be a Man)» og «California Girls». Rolla hans som vokalist var etter kvart mindre då stemmene til dei andre medlemmene vart meir tydlege, men han var likevel ein av dei lettast gjenkjennelege vokalistane i bandet med den noko nasale stemma si.

Love skreiv eller var med å på skrive mange av tekstane til dei tidlege Beach Boys-songane, hovudsakleg om tema som surfing eller kjærleik. Gjennom karrieren heldt han fram som låtskrivar og skreiv òg nokre songar heilt på eiga hand.

Etter kvart som Brian Wilson slutta å turnere i lag med resten av bandet tok Carl Wilson først over leiinga i bandet. Utover 70-åra tok derimot Mike Love meir og meir over bandet. Seint i 1990-åra gjekk Brian Wilson til rettssak for å få retten til namnet The Beach Boys og opphavsrettane til songane deira. Wilson tapte retten han ønskte, men fekk $25 millionar i erstatning.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Fleire gonger har Love òg prøvd å starte ei karriere utanfor the Beacy Boys. Han spelte inn to soloalbum i 1970-åra, men ingen av desse kom ut. I 1981 kom soloalbumet Looking Back With Love. Det bestod hovudsakleg av coverversjonar og albumet slo ikkje an verken kommersielt eller hos kritikarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]