Mike Pinder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mike Pinder
Mike Pinder.jpg
Mike Pinder i 1974.
Verkeleg namn Michael Thomas Pinder
Fødd 27. desember 1941 (72 år), Erdington i Birmingham i England
Instrument Mellotron, piano, gitar
Sjanger Psykedelisk rock, R&B
Aktive år 1964–1978, 1994 til i dag
Yrke Songar, låtskrivar, pianist
Tilknytte artistar The Moody Blues, El Riot and the Rebels, Krew Kats
Plateselskap Threshold, One Step

Michael Thomas «Mike» Pinder (fødd 27. desember 1941) er ein engelsk musikar og eit av medlemmane som grunnla det britiske rockebandet Moody Blues, der han spelte tangentinstrument. Han forlet bandet etter å ha spelt inn albumet Octave i 1978. Han er særskild kjend for å ha medverka til utviklinga av mellotronen.

Han starta karrieren sin i El Riot and the Rebels, som òg inkluderte framtidige Moody Blues-medlemmar Ray Thomas og John Lodge. Etter å ha enda militærtenesta si, spelte Pinder og Thomas i lag i eit band kalla Krew Cats. Kring midten av 1960-talet vart Pinder tilsett i Streetly Electronics, eit firma som produserte Mellotron.

Pinder var med på å danne The Moody Blues i 1964. Pinder var avgjerande i valet av gitarist og vokalist Justin Hayward som nytt medlem i bandet i 1966, då Denny Laine slutta. Pinder fekk tak i ein brukt mellotron frå Streetly Electronics, og etter å ha gjort fleire forbetringar på instrumentet, starta å han å nytte det på fleire av Moody Blues-innspelingane. Pinder introduserte mellom anna mellotronen for venen John Lennon, som så nytta instrumentet på «Strawberry Fields Forever».[1] Pinder, lydteknikar Derek Varnals og produsenten deira Tony Clarke, fann ein metode å ta opp lyden av mellotronen på utan den brå, kuttande lyden instrumentet normalt gav. Denne symfoniske lyden prega musikken til dei sju «kjernealbuma» til Moody Blues frå 1967 til 1972.

I tillegg til mellotron, orgel og piano, spelte Pinder òg cembalo, Moog synthesizer, tablaer og forskjellig perkusjon, samt både akustiske og elektriske gitarar og harmonivokal.

I 1971 spelte Pinder tamburin på John Lennon-albumet Imagine på songen «I Don't Wanna Be A Soldier (I Don't Wanna Die)».

The Moody Blues tok ein pause frå 1974, og Pinder flytte til California, der han gav ut soloalbumet The Promise i 1976. I 1977 gjekk bandet i studio att, men Pinder ønskte ikkje å delta for fullt, men medverka på albumet Octave i 1978.

Seinare i livet var Pinder konsulent i Atari dataføretak (hovudsakleg med arbeid på musikksyntese). Han vart verande utanfor ålmenta til midten av 1990-åra, då han byrja å gje intervju att og starta å spele inn ny musikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mikepinder.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]