Mike Powell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mike Powell i 2007

Michael Anthony Powell, kjend som Mike Powell (fødd 10. november 1963) er ein USA-amerikansk, tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Philadelphia i Pennsylvania, som vart verdsmeister i lengdehopp i 1991 og 1993. Han vann dessutan to OL-sølv og ein VM bronse i same øvinga i tida 1988-95. Powell sette verdsrekord i lengdehopp med 8,95 meter då han vart verdsmeister i 1991, ein rekord som er gjeldande også i 2013.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Powell fekk sitt internasjonale gjennombrot i 1988, då han vann sølvmedaljen i lengdehopp under dei olympiske leikane i Seoul. Einast landsmannen Carl Lewis hoppa lengre. Tre år seinare leia Lewis lengdehopp-tevlinga under verdsmeisterskapen i friidrett frå fyrste omgang av. I fjerde omgang landa Lewis på fabelaktige 8,91 m, ein centimeter over verdsrekorden, men med for mykje vind til at det kunne godkjennast som rekord. I femte omgang overraska stort Powell med eit hopp på heile 8,95 m, ny verdsrekord. Trass i to fenomenale hopp på høvesvis 8,87 m og 8,84 m måtte favoritten Lewis sjå seg slått av Powell. Året ettet tok Lewis revansje og vart olympisk meister i lengdehopp for fjerde gong, med Powell på andreplass.

I 1993 deltok ikkje Lewis i lengdehopp under VM i Stuttgart, der Powell forsvarte tittelen som verdsmeister. Powell var favoritt til å vinne sitt tredje strake VM-gull i 1995, men under meisterskapen i Göteborg fann han sine overmenn i den suverene verdsmeisteren Ivan Pedroso frå Cuba, samt James Beckford frå Jamaica.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]