Mikhail Bulgakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mikhail Afanasievitsj Bulgakov (russisk Михаил Афанасьевич Булгаков), (15. mai 189110. mars 1940) var ein russisk forfattar frå første halvdel av 1900-talet. Han er mest kjend for romanen Mesteren og Margarita, som har vorte rekna som ein av dei største romanane på 1900-talet.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Mikhail Bulgakov vart fødd av russiske foreldre 15. mai 1891 i Kiev i Ukraina (som på denne tida var ein del av Det russiske riket). Han var eldste son av Afanasij Bulgakov, som var professorassistent ved Det teologiske akademiet i Kiev. Han var barnebarn av av prestar på begge sider av familien. Frå 1901 til 1904 gjekk Bulgakov på Det første gymnaset i Kiev, der han utvikla interesse for russisk og europeisk litteratur.

I 1913 gifta Bulgakov seg med Tatiana Lappa. Då den første verdskrigen braut ut, melde han seg frivillig til Raude Krossen. I 1916 gjekk Bulgakov ut frå det medisinske fakultetet på Kiev universitet og så tente han i Den kvite arméen. Han tente ei kort stund i Den ukrainske folkehæren. Brørne hans tente i Den kvite arméen. Etter den russiske borgarkrigen og opprettinga av Sovjetunionen flytta han i eksil til Paris. Bulgakov, som var innrullert som feltlege i Den kvite arméen, enda opp i Kaukasus. Der starta han å arbeide som journalist.

I 1919 valde han å forlate medisinkarrieren for å satse på litteraturen. I 1921 flytta han med Tatiana til Moskva, der han byrja karrieren sin som forfattar. Tre år seinare skilde han seg frå den første kona si og gifta seg med Ljubov Belozerskaja. Han gav ut fleire arbeid tidleg og på midten av 1920-åra, men i 1927 byrja karrieren hans å gå nedover fordi han fekk kritikk for å vere for antisovjetisk. I 1929 var karrieren øydelagd og sensuren til styresmaktene hindra at meir av arbeidet hans vart gjeve ut.

Bulgakov i 1910-åra, i universitetetsåra.

I 1931 gifta Bulgakov seg for tredje gong, med Jelena Sjilovskaja, som skulle verte ein inspirasjon til karakteren Margarita i den mest kjende romanen hans. Dei slo seg ned ved Patriarsjije Prudy. Det siste tiåret av livet sitt arbeidde Bulgakov med Mesteren og Margarita, skreiv skodespel, kritiske verk, soger og omsetjingar, men ikkje noko av dette vart gjeve ut.

Sidan Bulgakov var stempla som antisovjetisk vart lite av arbeidet hans gjeve ut. I 1930 skreiv han eit brev til dei sovjetiske styresmaktene der han bad om å få emigrere om Sovjetunionen ikkje fann bruk for han som satirikar. Han fekk då telefon frå Josef Stalin sjølv, som spurte han om han verkeleg ønskte å reise frå landet. Bulgakov svarte at ein russisk forfattar ikkje kunne bu utanfor heimlandet sitt.

Stalin hadde likt Bulgakov sitt skodespel Turbinenes tid og fann arbeid til han ved eit lite teater i Moskva, og så Moskva Kunstteater. I Bulgakov sin sjølvbiografi hevdar han at han skreiv til Stalin på grunn av desperasjon og angst, og hadde aldri tenkt å sende brevet. Bulgakov skreiv fleire brev til Stalin i 1930-åra der han bad om å få emigrere, men Stalin svarte ikkje på fleire.

At styresmaktene nekta han å arbeide i teateret og ønske om å sjå familien som levde utanlands, og som han ikkje hadde sett på mange år, førte til at han gjorde drastiske tiltak. Trass i det nye arbeidet hans, vart ikkje stykka han sette opp på teateret ein suksess og han var stressa og ulukkeleg. Han arbeidde òg ei kort stund ved Bolsjoj Teater som librettoforfattar, men forlet teateret då arbeida hans ikkje hadde suksess.

Bulgakov døydde av nefrosklerose (ein arveleg nyresjukdom) 10. mars 1940. Han vart gravlagd i Novodevitsjijgravstaden i Moskva. Faren hadde døydd av same sjukdom.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Medan han levde var Bulgakov mest kjend for skodespela han skreiv for Konstantin Stanislavskij sitt Moskva Kunstteater. Stalin likte godt Turbinenes tid (Дни Турбиных) (1926), som var basert på romanen Den hvite garde av han sjølv. Dramatiseringa av Molière sitt liv Hyklernes kabal (Кабала святош) vert framleis framført på Moskva Kunstteater. Sjølv etter at stykka hans vart bannlyst frå teatra, skreiv Bulgakov ein svart komedie om Ivan den grusomme sitt besøk til Moskva i 1930-åra, og eit stykke om dei tidlege åra til Stalin (1939), som vart forbode av Stalin sjølv.

Bulgakov i 1926.

Bulgakov starta å skrive prosa med Den hvite garde (Белая гвардия) (1924, gjeve ut i 1966) - ein roman om livet til familien til ein offiser i Den kvite arméen under borgarkrig i Kiev, og ei novellesamling kalla En landsbyleges nedtegnelser (Записки юного врача), basert på Bulgakov sitt eige arbeid som landsbylege i 1916–1919. I midten av 1920-åra byrja han å beundre forfattarskapen til H. G. Wells og skreiv fleire soger med element frå science fiction, mellom anna Fatale egg (Роковые яйца) (1924) og Hundehjertet (Собачье сердце) (1925).

Fatal egg fortel om hendingane til professor Persikov, som eksperimenterer med egg og oppdagar ein raud stråle som får levande organismar til å vokse raskare. Ein epidemi rasar gjennom Moskva og tek livet av dei fleste kyllingar i Moskva, og for å ordne situasjonen set regjeringa opp ein gard der dei skal nytte strålen. Det oppstår derimot ei forveksling og kyllingegga hamnar hos professoren, medan egg av struts, slangar og krokodillar, hamnar på garden. Feilen vert ikkje oppdaga før egga produserer store monster som øydelegg forstadane til Moskva og tek livet av dei fleste arbeidarane på garden. Propagandamaskinen vender seg så mot Persikov og øydelegg han på same måten som monstra han hadde laga. Soga om denne klossete regjeringa gjorde at Bulgakov vart stempla som motrevolusjonær.

Hundehjertet handlar om ein professor som opererer inn mennesketestiklar og hypofyse inn i ein hund kalla Sjarik (som tyder Liten ballong og eller ball, eit populært namn for ein hannhund i Russland). Hunden vert meir og meir menneskeleg etter kvart som tida går og dette fører til meir og meir kaos. Soga kan lesast som ein kritisk satire av Sovjetunionen og kjem med fleire modige spark til kommunistisk leiarskap, t.d. er namnet på drukkenbolten som donerer menneskedelane til hunden Tsjugunkin («tsjugun» tyder støypejarn på russisk). Namnet er ein parodi på namnet Stalin («stal» tyder stål på russisk). Romanen vart omgjort til ein komisk opera kalla Mordet på kamerat Sjarik av William Bergsma i 1973. I 1988 vart den prisvinnande filmutgåva Sobatsjie Serdtse produsert av Lenfilm, med Jevgenij Jevstignejev, Roman Kartsev og Vladimir Tolokonnikov i rollene.

Mesteren og Margarita[endre | endre wikiteksten]

Katten Béhémot

Mesteren og Margarita (Мастер и Маргарита), som Bulgakov byrja å skrive på i 1928, er ein fantastisk satirisk roman som vart gjeve ut 26 år etter han døydde, i 1966, av kona hans. Romanen er hans mest anerkjende verk. Boka vart tilgjengeleg i undergrunnsmiljø som samizdat i mange år i Sovjetunionen, før ei sensurert utgåve vart trykt som ein serie i tidsskriftet Moskva. Romanen medverka til mange uttrykk i russisk språk, som til dømes «Manuskript brenn ikkje» og «andregrads fersk». Eit øydelagd manuskript av Mesteren er eit viktig element i handlinga, og Bulgakov måtte faktisk skrive romanen på nytt etter sitt eige minne etter han hadde brend utkastet til romanen.

Romanen er ein kritikk i mange lag av det sovjetiske samfunnet generelt og den sovjetiske litterære institusjonen. Han er ein rammeforteljing som involverer to tidsperiodar eller handlingslinjer, nemleg ei gjenforteljing av evangelia og ei skildring av Moskva i 1920/1930-åra.

Romanen byrjar med at Satan vitjar Moskva i 1920- eller 1930-åra og sluttar seg til ein samtale mellom ein kritikar og ein diktar som diskuterer eksistensen til Jesus og Djevelen. Romanen omhandlar så ei altomfattande skulding om korrupsjon, grådigskap, smålegskap og omfattande paranoia i Sovjetunionen. Han vart forboden i heimlandet, men mykje lese, og romanen sikra Bulgakov ein plass mellom dei fremste russiske forfattarane.

Boka er omsett til norsk av Erik Egeberg: Mesteren og Margarita, Eidsvoll 1995: Dokument forlag. ISBN 82-7519-014-2

Bulgakov si leilegheit[endre | endre wikiteksten]

Bulgakov si gamle leilegheit, der delar av Mesteren og Margarita finn stad, har sidan 1980-åra vorte ein samlingsstad for tilhengjarar av Bulgakov, samt Moskvabaserte sataniske grupper, og det er all slags graffiti på veggane.[2] I dag er leilegheita omgjort til eit museum som inneheld med bilete og fleire gjenstandar knytt til livet og arbeidet til Bulgakov. Leilegheita ligg ved Bolsjaja Saovaja gate 10 nær Majakovskaja metrostasjon.

Familiehuset i Kiev er òg omgjort til museum.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ein småplanet oppdaga av den sovjetiske astronomen Ljudmila Georgievna Karatsjkina i 1982 fekk namnet 3469 Bulgakov etter forfattaren.[3]

Mesteren og Margarita skal ha vore ei kjelde for både Mick Jagger då han skreiv songen «Sympathy for the Devil» i Rolling Stones[4] og for Salman Rushdie då han skreiv romanen Sataniske vers.

Kjende sitat[endre | endre wikiteksten]

Fleire sitat frå Mesteren og Margarita har vorte slagord og uttrykk i Russland:

  • «Manuskript brenn ikkje» (Рукописи не горят)
  • «Det finst berre ein grad av friskheit - den første, som òg gjer han til den siste» (Свежесть бывает только одна – первая, она же и последняя)
  • «Lagar ikkje problem, rører ingenting, fiksar primusen» (Не шалю, никого не трогаю, починяю примус)
  • «Ingen ID, ingen person» (Нет документа - нет человека)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Sword and the Shield: The Mitrokhin Archive and the Secret History of the KGB» frå NY Times
  2. Stephen, Chris. "Devil-worshippers target famous writer's Moscow flat". The Irish Times, 5. februar 2005. S. 9.
  3. Namn på småplanetar- s.290
  4. [1]Sympathy for the Devil

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]