Mikhail Kalatozov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mikhail Kalatozov, fødd Mikheil Kalatozishvili[1] (fødd 28. desember 1903 i Tiflis [no Tbilisi], død 27. mars 1973) var ein georgisk filmregissør. Han studerte økonomi før han starta filmkarrieren sin som skodespelar og seinare klippar og fotograf. Han regisserte fleire dokumentarfilmar, som Sol Svanetii («Salt til Svanetia»), men var tvinga til å trekkje seg tilbake etter at filmen Gvozd v sapoge («Spikar i skoen») vart forboden av stalinistsensorane. Under den andre verdskrigen regisserte han fleire propagandafilmar og arbeidde som kulturattaché på den sovjetiske ambassaden til USA. I 1950-åra regisserte han fleire andre filmar. Han var relativt ukjend før dei fire siste spelefilmane hans, Og tranene flyr, Brevet som ikke ble sendt, Soy Cuba og Det røde telt, kom.[2] Sistnemnde skildra den italienske polfararen Nobile si ferd mot Nordpolen i luftskip, og Sean Connery spela hovudrolla som Roald Amundsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Georgisk: მიხეილ კალატოზიშვილი, russisk: Михаил Калатозов.
  2. Chansel, Dominique: Europe on-screen – cinema and the teaching of history (Europarådet, 2001), s. 53.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]