Mikhail Kalinin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mikhail Ivanovitsj Kalinin (russisk: Михаил Иванович Калинин) (fødd 19. november 1875 i Verkhnjaja Troitsa, død 3. juni 1946 i Moskva) var ein russisk kommunistisk politikar. Han var offisielt statsoverhovud i Russland frå 1919 til 1921 og Sovjetunionen frå 1921 til 1946. Inntil 1938 var han formann i sentraleksekutivkomiteen, og deretter president i presidiet i det øvste sovjetet.

Kalinin hadde mellom anna ansvaret for Katyn-massakren, som han gav den formelle ordren til.

Kalinin gav namn til Kaliningrad då den tidlegare tyske byen som før heitte Königsberg skulle få det nye russiske namnet sitt. Det er ikkje kjent at Kalinin nokosinne vitja området. Oppkalla etter Kalinin var òg byen Kalinin, som i 1990 fekk tilbake det opphavlege namnet sitt Tver, i ljos av Kalinin si rolle som ein av Stalin si fremste handlangarar. Også ein by utanfor Moskva som vart grunnlagd i 1938 heitte Kaliningrad fram til 1995 då han fekk namnet Koroljov.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]