Mikhail Matjusjin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jelena Guro: Portrett av Matjusjin, 1910

Mikhail Vasiljevitsj Matjusjin, russisk:Михаил Васильевич Матюшин, (186114. oktober 1934) var ein russisk kunstmålar, musikar og komponist som høyrde til den russiske avantgarden.

Matjusjin var fødd i Nizjnij Novgorod. Frå 1876 til 1881 vart han utdanna ved Moskva Konservatorium og arbeidde frå 1882 til 1913 som fiolinist i hofforkesteret i St. Petersburg. Samstundes studerte han og den seinare kona hans, Jelena Guro, kunst på ein privat kunstskule og han måla i dei dagar ein serie landskapsbilete.

Matjusjin høyrde med mellom dei som grunnla futurismen i kunsten. Han og Kasimir Malevitsj danna ein livsvarig vennskap. År 1913 sette dei saman med to andre kunstnarar opp operaen Siger over sola. Malevitsj skapte kulissane, noko som inspirert han til å utvikle retninga suprematisme. Matjusjin skreiv musikken til operaen, diktaren Velimir Khlebnikov prologen.

Frå 1921 til 1923 arbeidde Matjusjin i 'Museum for kunstnarisk kultur', der han frå 1923 leia 'Avdelinga for vitskapleg forsking av organisk kunst'. Han beheldt stillinga også då instituttet året etter vart omdanna til 'Statleg institutt for kunstnarisk kultur'. Instituttet, som vart leia av Malevitsj, vart oppløyst i 1927.

Matjusjin døydde i Leningrad i 1934.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Michail Wassiljewitsch Matjuschin