Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivan Kramskoj: Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin

Mikhail Jevgrafovitsj Saltykov-Sjtsjedrin (russisk:Михаил Евграфович Салтыков-Щедрин) (27. januar 182610. mai 1889) var ein kjend russisk satirikar på 1800-talet. Etter diktaren Nikolaj Nekrasov døydde, var han redaktør for det russiske magasinet Otesjestvennije Zapiskij, heilt til styresmaktene forbaud det i 1884.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Saltykov var fødd på faren sitt gods i ein landsby i Tula-provinsen. Ti år gammal byrja han i Moskva på ein guteskule for adelsætlingar. Skulegangen heldt fram på eit lyseum i St. Petersburg. Det var i dei dagar han hav ut sine fyrste dikt, samt omsetjingar av verk av Lord Byron og Heinrich Heine. Etter han hadde teke eksamen på lyseet fekk han arbeid som kontorist i krigsministeriet.

I 1848 fekk Saltykov trykt Ei innvikla sak, ein kort tekst som førte til at han vart forvist til Vjatka. Der budde han i sju år, tilsett i ei lågare stilling i det offentlege. I forvisingstida gjorde han seg mange erfaringar om liv og veremåtar hos innanriksministeriet sin folk, noko som kom fram i ei kvikk skildring av russiske statstenestefolk i boka Skisser frå guvernementet.

Då Saltykov kom tilbake til St. Petersburg i 1855 fekk han snøgt høgre stillingar i administrasjonen. Etter han skreiv ein rapport om tilstanden i det russiske politiet, vart han utnemnd til viseguvernør, fyrst i Rjazan og sidan i Tver. Han tok avskjed frå statstenesta for røkte interessa si for litterær verksemd. Pengevanskar førte til at han snøgt tok til att i det offentlege, og i 1864 vart han utnemnd til leiar for det lokale styret for skattlegging, i høvesvis Penza, Tula og Rjazan.

År 1868 slutta Saltykov i statens teneste, for godt. Han skreiv då skreiv hovudverket sitt, Gamle dagar i Posjekhonij. Boka inneheld ein særskild sjølvbiografisk bolk, Soga om ein by, som samstundes er ein satirisk allegori over Russland si historie . Messieurs et Mesdames Pompadours, og den einaste romanen hans, Golovljovfamilien, kom seinare.

Saltykovs siste publiserte verk var ei samling satiriske fablar og eventyrforteljingar. Saltykov-Sjtsjedrin skreiv sjølv at drivkrafta bak hans litterære arbeid var «å protestere mot grådigskap, hykling, falskheit, tjuveri, svik og dumskap hos dagens russarar».

Verk[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av Saltykov sine arbeid er ein slags ubestemmeleg satirisk journalisme, jamnast i ein laus forteljarstruktur. I form er tekstane ein mellomting mellom ein klassisk karakterroman og ei føljetongssoge, som var så vanlege i samtida. Verka var svært populære i samtida, men sidan satiren er retta mot samfunnstilhøve som har forsvunne for lenge sidan, er mykje i dag uforståeleg utan kommentarar.

Gjennom 1869 og -70 gav han ut Soga om ein by. Det er ein slags parodi over russisk historie, ein provinsby som eit fortetta mikrokosmos, og som med sine ulike guvernørar er gjenkjennelege karikaturar av russiske herskarar og ministrar, med namn som representerer deira eigenskapar, til dømes Glupov (bokstavleg Toskby).

Dei fleste verka frå Saltykovs seinare periode er skrivne i eit språk som han sjølv kalla esopisk. Grunna sensuren er dei heilt ut prega av omskrivingar som krev kommentarar. Stilen er attpåtil basert på den dårlege journalistiske stilen i perioden. Ein stil som i stor grad oppstod med Osip Senkovskij, og som i dag gjev inntrykk av å vere forseggjorte vulgaritetar. [1]

Romanen Golovljovfamilien er ein studie i overveldande hækne. Ho har ofte vore omtala som eit meisterverk, men og nemnd som den mest nedslåande boka i russisk litteratur. Ho er fri for både teatralske og melodramatiske verkemidlar, samt ho manglar miljømessige. Den mest minneverdige karakteren i romanen er Porfirij Golovljov, med kjennenamnet 'Litle-Judas', ein tanketom og mekanisk hyklar som ikkje kan late vere å snakke salvelsesfull og meiningslaus humbug, ikkje av indre trong eller ytre fordel, men einast fordi tunga hans alltid må vere i sving.[2]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. D.S. Mirsky. A History of Russian Literature. Northwestern University Press, 1999. ISBN 0-8101-1679-0. Page 294.
  2. Ibidem. Page 294.