Mikhail av Tsjernigov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ikonet av St. Mikhail av Tsjernigov.

Mikhail av Tsjernigov[1] eller Mikhail Vsevolodovitsj[2] (russisk Михаил Всеволодович) (fødd ca. 1185 i Saraj, død 20. september 1246) var ein russisk fyrste i Rurik-dynastiet.[3] Han var storfyrste av Kiev (1236-1240, 1240, 1241-1243) og fyrste av Pereyaslavl (1206), av Novgorod-Seversk (1219-1226), av Tsjernigov (1223-1235, 1242-1246), av Novgorod (1225-1226, 1229-1230) og av Halytsj (1235-1236).[2]

Arkeologiske funn har vist at byane i Tsjernigov var velståande under regjeringstida hans og at han derfor prioriterte handel[2] Handelsinteressene var delvis årsaka til at han tok kontroll over Halytsj og Kiev, sidan varene frå Rhindalen og Ungarn gjekk gjennom her på veg til Tsjernigov (dagens Tsjerikhiv i Ukraina).[2] Han forhandla òg fram handelsavtalar og politiske alliansar med polakkane og ungarane.[2]

Han letta skattebyrda på innbyggjarane i Novgorod og gav bojarane deira større politisk fridom frå fyrsten.[2] Han var den siste sjølvstyrte fyrsten av Kiev før han vart avsett av dei uslåelege mongolane.[2]

Like før den mongolske invasjonen av Russland var han ein av dei mektigaste fyrstane i Russland.[2] Han har vorte skulde for å vere ein ineffektiv leiar fordi han ikkje klarde å samle fyrstane av Russland mot den inntrengande fiennden, men denne oppgåva må ha vore umogeleg å få til.[2]

Mikhail var den første fyrsten av Olgovitsjiane (Tsjernigov-dynastiet) som vart martyrar. Han fekk dødsstraff for å stå ved den kristne trua si.[2] Han og bojaren hans, St. Fedor vart torturerte og halshogde av tatarane.[1]

Dei vart seinare kjend som «Lidenskapslidarane frå Tsjernigov» og «Dei mirakuløse frå Tsjernigov».[2]

Møtet med mongolane[endre | endre wikiteksten]

Midt på 1200-talet (1237-1240) vart Russland invadert av mongolar. Først blei fyrstedøma Rjazan og Vladimir øydelagde. Så vart dei sørrussiske byane Perejaslavl, Tsjernikhiv, Kiev og andre øydelagde. Befolkninga i desse byane døydde stort sett i dei blodige åtaka. Kyrkjer blei plyndra og vanheilaga. Det kjende Grotteklosteret blei øydelagd og munkar spreidde seg i skogane. Likevel var alle desse valdsame hendingane ei uunngåeleg følgje av invasjonen til den ville horden som nytta krig som høve til plyndringstokt.

Mongolane hadde eit likegyldig forhold til alle trusretningar. Hovudregelen for dei var Jassa som inneheldt lovane til Dsjengis Khan. Ei av lovene i Jassa la påbod om å respektere og ha frykt for alle gudar uansett kven sine dei var. Derfor vart gudstenester av alle slag halde fritt i Den gylne horden, og sjølve khanane var ofte tilstades under både kristne, muslimske, buddhistiske og andre seremoniar.

Men sjølv om khanane ikkje brydde seg eller gjerne respekterte kristendom, tvinga dei russiske fyrstar til å gjennomgå nokre av rituala sine. Som til dømes å gå gjennom reinsande eld før dei fekk møte khanen, å tilbe dei avdøde khanane sine portrett, sola eller ein busk. I følgje kristne idear ville dette vere utruskap mot den kristne trua. Derfor føretrekte nokre russiske fyrstar å døy framfor å fullføre dei heidenske rituala. Mikhail av Tsjernigiv og bojaren hans Feodor var to av desse. Då khan Batu ville at fyrst Mikhail skulle komme til han, hadde Mikhail snakka med den andelege far sin, biskop Johan, og sa til han at han heller ville døy for Kristus enn å bøye seg for noko idol. Det same sa bojaren hans Feodor. Biskopen gav dei støtte og inspirasjon for dette synet og gav dei nattverd som farvel.

Før Mikhail kom til khanen kravde dei mongolske prestane at fyrsten og bojaren skulle bøye seg mot grava til Dsjengis Khan i sør, og så bøye seg mot eld og filtidol. Mikhail svarte: «Ein kristen må bøye seg for Skaparen, men ikkje for ein skapning». Då Batu fekk vite om dette, vart han sint og gav Mikhail eitt av to val: anten å fullføre ordren til prestane, eller å døy. Mikhail svarte at han kunne vise respekt for khanen, men kunne ikkje fullføre det prestane bad han om. Barnebarnet til Mikhail, fyrst Boris, og bojarane av Rostov bad Mikhail om å halde seg i live og heller foreslå ei botsøving for seg og folket sitt for dei syndige handlingane mongolane bad dei gjere. Mikhail ville ikkje høyre på nokon. Han kasta i frå seg fyrstekåpa og sa: «Eg skal ikkje gjere sjela mi vondt, vekk med den verdsleg æra!». Medan svaret hans vart overlevert til khanen, song fyrsten og bojaren hans salmar og tok nattverd som dei fekk av biskopen. Snart kom mordarane deira.

Dei tok Mikhail og byrja å slå han med knyttnevar og stokkar. Deretter snudde dei han ned med ansiktet, tråkka på han og halshogde han. Dei siste orda hans var: «Eg er kristen!» Bojaren hans vart så drepen på same måte. Begge vart gravlagde i Erkeengelens katedral i Moskva.

På byrjinga av 1300-talet (1313) konverterte khanane til islam. Likevel heldt khanane fram å halde seg til Jassa i forhold til russarane – ikkje berre vere tolerante mot Den russiske kyrkja, men òg ta vare på ho. Det vart mellom anna slik ved hjelp av kjente russiske knjazar og kyrkjelege folk som det var mange av i den harde tida for Russland.

Minnefestdag[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Thurston, Herbert (Editor). Butler’s Lives of the Saints - september. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 Dimnik, Martin. The Dynasty of Chernigov - 1146-1246. 
  3. Charles Cawley (14. mars 2009). «Russia, Rurikids - Grand Princes of Kiev, Princes of Chernigov, descendants of Sviatoslav II, Grand Prince of Kiev (fourth son of Iaroslav I)». Medieval Lands. Foundation of Medieval Genealogy. http://fmg.ac/Projects/MedLands/RUSSLAND,%20Rurik.htm#RostislavMikhailovichdied1263B. Henta 24. januar 2010.