Mikkjelsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mikkelsdag)
Erkeengelen Mikael, ikon frå 1300-talet frå St.Katarina-klosteret i Sinai

Mikkjelsmesse er ei gammal kristen høgtid feira den 29. september til minne om erkeengelen Mikael. Dagen var ei viktig høgtid i mellomaldereuropa, og det knytte seg mange ulike tradisjonar til han. På primstaven blei denne høgtida vist mellom anna med ei skålvekt eller eit strålande englefjes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein tok til å dyrka erkeengelen Mikael i Austkyrkja300-talet. I løpet av det neste hundreåret spreidde skikken seg til Vestkyrkja. Fordi Mikael blei sett på som leiar for den himmelske hærskaren blei dette ein dag ein kunne feira alle englane på.

Mikkjelsmesse var etter Kristian den femtes norske lov heilagdag under namnet St. Mikkels Dag fram til 1770 i Noreg, då han vart avskaffa under Festdagsreduksjonen. Dagen vart feira for å takka Gud for grøden. I kyrkjene vart det preika over Evangeliet etter Matteus, 18. kapittel, versa 1 - 10, Kven er den største i Himmelriket.

Mikkjelsmesse i Den norske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

I mai 1999 vedtok Kyrkjemøtet å gjeninnføre markeringa av «Erkeengelen Mikael og alle englars dag» som ein valfri høgtidsdag. Feiringa er lagt til søndagen som kjem nærast Mikaelsdagen den 29. september.

Det er fastsett ein eigen liturgi for Mikkjelsmesse.[1] Preiketeksten etter første tekstrekka er som før henta frå det 18 kapitlet i Matteusevangeliet, etter andre rekka er det henta frå Johannesevangeliet 1,47-51.[2] Temaer ein kan vektleggje ved gudstenester denne dagen er:

  1. Den kosmiske striden mellom gode og onde makter
  2. Den kristologiske forankringa av kampen mot og sigeren over det onde
  3. Erkeengelen Mikael
  4. Lovsongen englane syng for Guds trone
  5. Englene som Guds tjenere som sendes ut til vår hjelp.
  6. Verneenglane til kvart einskild menneske
  7. Bøn om hjelp frå englane
  8. Takk for at Gud har skapt englane og for at han sender dei til vår hjelp

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Dagen markerte slutten på innhaustinga og byrjinga på jaktsesongen. Slik vêret var denne dagen, skulle det òg bli neste sommar.

I Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Det var vanleg å eta gås til Mikkelsmesse. I følgje folketrua var dette òg siste dagen ein kunne plukka og bruka bjørnebær.

Sidan mange engelske universitet startar skuleåret sin rundt denne dagen blir haustterminen ofte kalla mikkelsmesseterminen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]