Miklós Zrinyi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miklós Zrinyi

Statsborgarskap Kongedømet Ungarn
Fødd 3. mai 1620
Čakovec
Død

18. november 1664 (44 år)
Kuršanec

Yrke lyrikar, skribent, politikar, militær
Språk ungarsk, kroatisk
Far Juraj V Zrinski
Ektefelle Mária Euzébia Draskovich, Mária Zsófia Löbl
Miklós Zrinyi på Commons
Nikola VII Zrinski (1620-1664)

Miklós Zrínyi eller Nikola Zrinski (ungarsk: Zrínyi Miklós, kroatisk: Nikola VII Zrinski), (5. januar 162018. november 1664) var ein kroatisk og ungarsk feltherre, statsmann og diktar.

Han lærte forsvar på grensa mellom Kroatia-Ungarn og Det osmanske riket og vart ein av dei viktigaste kommandantane på denne tida. I 1645, mot slutten av trettiårskrigen, kjempa han mot svenske troppar i Mähren der han ved Szkalec spreidde ein svensk divisjon og tok 2000 fangar. Ved Eger redda han keisar Ferdinand III, som hadde vorte tatt på senga av Carl Gustaf Wrangel. Seinare kjempa han mot sine eigne ungarar i Transilvania. For dette gjorde keisaren han til kaptein i Kroatia.

I 1646 utmerkte han seg mot osmanarane. Under kroninga av Ferdinand IV av Austerrike bar han statssverdet og vart ban og generalkaptein i Kroatia. I 1655 gjorde han eit forsøk på å bli vald til pfalzgreve av Ungarn (nádor), men kongen nominerte Miklós Wesselényi istadenfor.[1]

I 1663 la den tyrkiske armeen ut på ein storoffensiv som enda med omleiringa av Wien. Keisarhæren klarte ikkje å yte særleg motstand, og den tyrkiske armeen vart til slutt stoppa av dårleg vêr. Troppar frå Det tysk-romerske riket vart kalla inn, i tillegg til støtte frå Frankrike. Zrinski og italienaren Raimondo Montecuccoli vart nestkommanderande for den ungarske armeen.

Zrinski reiste 240 km innover i dei tyrkisk-okkuperte områda og øydela den særs strategisk viktige Osijek-brua over Drava. Dei tysk-romerske generalane var derimot motvillige til å støtte han vidare, sidan styresmaktene meinte Zrinski støtta ungarsk sjølvstende frå Det tysk-romerske riket. Han prøvde å ta Kanizsa, den viktigaste tyrkiske festninga i Sør-Ungarn, men klarte det ikkje, då han ikkje fekk støtte frå Montecuccoli.[2] Trass i nederlaget her, gjorde felttoget han kjend og hylla over heile Europa.

Zrinski mista livet i ei jaktulukke, men det gjekk lenge seigliva rykter om at han vart utsett for eit attentat frå habsburgske agentar.[3]

Diktaren[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å ver ein førande militær på 1600-talet i Ungarn, er han òg kjend for lyrikken sin. Han var både viktig som epikar og lyrikar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Zrínyi Miklós, gróf, Magyar életrajzi lexikon
  2. Sándor Szilágyi: A magyar nemzet története
  3. Zrinski på Caplex