Mikojan-Gurevitsj MiG-21

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indisk MiG-21 i Bangalore.
Foto: Sheeju

MiG-21 (kyrillisk skrift: МиГ-21) er eit sovjetisk-bygd jagarfly. Det er den nest mest produsert militærflyet etter den andre verdskrigen, berre slått av Lockheed C-130 Hercules.

Den første prototypen med deltavinge, kalla Ye-4 eller E-4, fløy 14. juni 1956. Flyet kom i produksjon tidleg i 1959. NATOs kodenamn på flyet var Fishbed.

MiG-21 vart brukt under Vietnamkrigen, og var på den tida eit avansert jagarfly. Med sin deltavinge var det den første jagaren Sovjetunionen produserte som var eigna både til luftkamp og avskjering. Flyet er ganske lett, og kan oppnå Mach 2 ved hjelp av etterbrennar. Samanliknbare fly er amerikanske F-104 Starfighter og den franske Mirage III.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mikojan-Gurevitsj MiG-21