Mikrobølgjeomn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mikrobylgjeomn)
Gå til: navigering, søk
Mikrobylgjeomn.

Ein mikrobølgjeomn er ein elektrisk omn som utnyttar varmeutvikling ved absorpsjon av mikrobølgjer. Mikrobølgjeomnar kan både nyttast som kvitevarer og som industriomnar.

Hushaldningsomnar[endre | endre wikiteksten]

Dielektrisk oppvarming blir nytta for oppvarming av matretter. Maten blir bestrålt med mikrobølgjer (2450 MHz). Elementet som produserer mikrobølgjene er ein magnetron. Varmen oppstår ved at mikrobølgjene aukar rørsla til molekyla i feitt og væske i matvarene. Bølgjene trengjer berre nokre centimeter inn i matvarene, og frå dei varme delane blir varmen ført vidare inn i maten.

Oppvarmingstida i ein mikrobølgjeomn er omvendt proporsjonal med den effekten som blir tilført og proporsjonal med mengda av mat som skal varmast opp. Samanlikna med ein vanleg komfyr brukar ein mikrobølgeomn berre 20–30 % av effekten for å varme opp ei gjeven mengd mat.

Faren ved mikrobølgeomnar medisinsk sett har vore diskutert, men det er ikkje registrert skadar som kan tilskrivast strålinga (t.d. genetiske skadar, sterilitet). Ved medvite å kutte dei krinsane som slår av mikrobølgjene når døra opnast, kan ein brenne seg. Ein mikrobølgjeomn er alltid laga av metall for at strålinga ikkje skal bli sleppt ut i rommet.

Industriomnar[endre | endre wikiteksten]

Det finst to typar omnar. Høgfrekvens-induksjonsomnar blir brukt til varmebehandling av elektrisk leiande material. Varmen oppstår på grunn av virvelstraum, og er lokalisert til eit tynt overflatesjikt av materialet. Den andre omnstypen utnyttar den varmen som oppstår på grunn av dielektriske tap i elektrisk isolerande material. Dette gjev ei jamn oppvarming av heile materialen. Sjå høgfrekvensoppvarming.

Laboratorieomn[endre | endre wikiteksten]

I laboratorium blir det nytta avanserte mikrobølgjeomnar til dekomponering av prøvar (mikrobølgjedekomponering), i samband med ekstraksjonar og i andre tilfelle der ei effektiv oppvarming er ynskjeleg. Omnane liknar i prinsippet på vanlege mikrobølgjeomnar for hushaldning, men har forskjellig spesialutstyr og tryggleiksanordningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mikrobølgjeomn