Mikrometeorologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mikrometeorologi er studiet av atmosfæriske fenomen som er mindre enn mesoskala, om lag 1 km eller nedover. Desse to greinene av meteorologi vert stundom plassert saman som «mesoskala- og mikrometeorologi» og saman omfattar dei studiet av alle fenomen mindre enn synoptisk skala. Det tyder studiet av alle fenomen som er for små at dei vert fanga opp på eit vêrkart.

Fenomena er ofte òg kortvarige og omfattar prosessar i grenselaget til atmosfæren. Viktige tema i mikrometeorologi er varmeoverføring og gassutveksling mellom jordsmonn, vegetasjon og/eller overflatevatn og atmosfæren ved turbulens. For å måle desse transportprosessane må ein nytte flukstårn som måler netto stråling, merkande varmefluksar, latent varmefluksar, varmelagring i bakken og fluksar av sporgassar som er viktige for atmosfæren, biosfæren og hydrosfæren.