Mikrometerskrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderne mikrometer (verdi: 1.64 mm)

Ein mikrometerskrue er eit instrument som blir brukt for måling av trådtjukkleik, platetjukkleik og liknande. Instrumentet består av ein fingjenga skrue som har ei plan endeflate og som er montert slik at han kan skruast inn mot ei anna plan flate. Tråden som skal målast vert lagt mellom dei to flatene, og stillinga til skruen avlesast etter at han er skrudd inntil tråden. Stigninga på skruen er vanlegvis ½ mm per omdreiiing. Brøkdelar av denne lengda blir avlese på ein trommel, som fortel kor stor del av ein omdreiing skruen er dreidd. Denne har vanlegvis inndeling til 50, slik at ein kan lese av med ein nøyaktigheit på 0,01 mm eller 1 mikrometer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]