Mikroorganisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mikroorganismar)

Mikroorganismar eller mikrobar er små organismar som normalt berre er synleg i mikroskop. Mikrobar av ulike slag kan tola store fysiokjemiske påkjenningar, slik som svært høgt trykk, temperaturar over 100 °C, pH 1–12 og saltkonsentrasjonar på 0–30 %.

Mikroorganismar er heilt nødvendige for å oppretthalda dei biologiske prosessane i naturen.

Læra om mikroorganismar vert kalla mikrobiologi. Døme på mikroorganismar er bakteriar, arkar, algar, sopp og protozoar.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.