Mikrotron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partiklar i ein klassisk mikrotron vert strålt ut frå ei kjelde (blå), akselerert per omløp (mikrobølgjeholrom, grå), og aukar radiusen per omløp til dei skyt ut.

Ein mikrotron er ein elektronakselerator som er bygd etter same prinsipp som syklotronen. Sidan elektrona er særs lette, kjem dei hurtig opp i ein fart nær lysfarten. Ein får då ein relativistisk masseauke som gjer at det vanlege resonansvilkåret for syklotronar ikkje kan oppfyllast. Ved å gjere energiauken for kvart omløp lik kvilemassen til, 0,5 MeV, aukar omløpstida for kvart omløp like mykje. Ein kan då tilpasse oscillatorfrekvensen slik at han alltid er ei heil mengd gonger omløpsfrekvensen, noko som er eit naudsynt vilkår for at partiklane skal bli akselerert. Mikrotronen kan nyttast for akselerasjon av elektron opptil 30 MeV. Han blir nytta mellom anna for bestråling med elektron eller produksjon av gammastråling til medisinsk terapi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]