Mikroutbrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av ein krøllformasjon nær bakken etter eit mikroutbrot.

Eit mikroutbrot («microburst») er ei lokal luftsøyle med søkkande luft som fører til eit kraftig vindkast som bles ut til alle kantar frå eit sentralt punkt på bakken. Som regel oppstår fenomenet i samband med cumulus congestus eller cumulonimbusskyer.

Uttrykket blei først definert av Tetsuya Theodore Fujita (kanskje mest kjend for å ha introdusert Fujitaskalaen for gradering av tornadoar), som ein type fallvind som skapar kraftig horisontal vind innanfor eit område på 4 km i diameter. Viss vinden dekte eit område større enn 4 km i diameter kalla Fujita det for «makroutbrot».

Ein kan skilje mellom «våte mikroutbrot», som oppstår i samband med nedbør, og «tørre mikroutbrot» som består av virga. Begge typar oppstår hovudsakleg ved at lufta blir avkjølt av nedbør, og fell raskt ned mot bakken. I tørre mikroutbrot vil nedbøren falle ned i eit lag med tørr luft under skya og fordampe. Sidan fordampinga fører til avkjøling av lufta, blir fallvinden akselerert. Når det er varm luft nær bakken vil denne lufta som regel stige, og kan då motverke fallvinden, men den søkkande lufta kan likevel nå bakken med ei viss kraft. Sidan regnet har fordampa vil ofte det einaste synlege teiknet på utbrotet vere støv som er kvervla opp av vinden.

Eit vått mikroutbrot oppstår ofte i samband med kraftig regn. Ofte når regnet og fallvinden bakken med ei slik kraft at dei spreirer seg utover og oppover og dannar ein spesiell krøllformasjon. Dei kan kanskje òg oppstå ved at den kraftige jetstraumen blir bøygd ned mot bakken i torevêr (sjå fallvind).

Mikroutbrot kan skape vind opp mot 75 m/s (270 km/t) og kanskje kraftigare.

Konsekvensar[endre | endre wikiteksten]

At mikroutbrot oppstår svært brått og på så liten skala gjer at dei er til store fare for flytrafikk, særleg når dei oppstår nær flyplassar. Det har skjedd fleire alvorlege flyulykker med dødeleg utfall som følgje av slike utbrot.

Flyulykkene skjer som regel i det eit fly skal lande. Sidan eit utbrot kan føre til svært kraftig vind i alle retningar ut frå nedslagsområdet kan dei i verste fall snu motvinden flya baserer seg på når dei skal lande. Ein kraftig auke i motvind kan få ein pilot (spesielt uerfarne) til å gje meir gass for å oppretthalde farten til flyet. Når flyet har gått igjennom mikroutbrotet mistar det mykje oppdrift og fell brått mot bakken.

Det er har vore fleire tilfelle av mikroutbrot som har ført til andre øydeleggingar òg. Enkelte kraftige utbrot har ført til at skip har søkke. I 1995 vart Alexandria Bay i New York, USA råka av eit mikroutbrot med vindkast på opp i 160 km/t (45 m/s) som førte til skadar på mange bygningar og reiv opp mange tre. I 2006 skjedde det same igjen i Hickory Hills, Illinois der blant anna vinden reiv taket av ein ungdomsskule og førte til eit omfattande straumbrot fordi tre fall ned på straumlinjer.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Fujita, T.T. (1981). "Tornadoes and Downbursts in the Context of Generalized Planetary Scales". Journal of the Atmospheric Sciences, 38 (8).
  • Fujita, T.T. (1985). "The Downburst, microburst and macroburst". SMRP Research Paper 210, 122 pp.
  • Wilson, James W. and Roger M. Wakimoto (2001). "The Discovery of the Downburst - TT Fujita's Contribution". Bulletin of the American Meteorological Society, 82 (1).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Lenkjer ut og kjelder[endre | endre wikiteksten]