Mil etter mil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Mil etter mil»
Singel av Jahn Teigen
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1978
Sjanger rock
Låtskrivar(ar) Kai Eide

«Mil etter mil» er ein song av Jahn Teigen frå 1978. Songen er skriven av Kai Eide.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1978[endre | endre wikiteksten]

«Mil etter mil» deltok i Melodi Grand Prix 1978, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1978 i Paris i Frankrike. Bidraget vart framført på norsk av Jahn Teigen, og vann med 15 poeng.[2][3]

Eurovision Song Contest 1978[endre | endre wikiteksten]

«Mil etter mil»
Eurovision Song Contest 1978
Land Noreg
Artist(ar) Jahn Teigen
Medverkande Carsten Klouman (dirigent)
Språk Norsk
Komponist(ar) Svein Strugstad
Låtskrivar(ar) Dag Nordtømme
Resultat
Finalepoeng 0
Finaleplass 20
Noreg i Eurovision Song Contest
«Casanova»
(1977)
«Mil etter mil» «Oliver»
(1979)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1978 fekk «Mil etter mil» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1978. Bidraget vart framført på norsk av Jahn Teigen, og enda på 20. og sisteplass med null poeng. Carsten Klouman var dirigent. Dette var femte gong Noreg enda på sisteplass, og andre gong utan poeng.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Melodi Grand Prix 1978» (på norsk). Norsk rikskringkasting. Henta 5. august 2014. 
  2. «Norway 1978» (på engelsk). esc-history.com. Henta 5. august 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1978» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 5. august 2014.