Miles of Aisles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miles of Aisles
Konsertalbum av Joni Mitchell
Språk engelsk
Utgjeve November 1974
Innspelt 2. og 4. mars, 1974; 14. til 17. august 1974
The Universal Amphitheatre, Los Angeles Music Center og Berkeley Community Center
Sjanger Jazz, rock, pop
Lengd 1:18:01
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
Court and Spark
(1974)
Miles of Aisles The Hissing of Summer Lawns
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB–[3]
MusicHound3/5 stars[4]
Rolling Stone(ikkje vurdert)[2]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[5]

Miles of Aisles er det første konsertalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut i 1974 på Asylum Records. Det er eit dobbeltalbum som dokumenterer konsertane hennar under Court and Spark-turneen, i lag med bandet hennar for turneen, L.A. Express. Albumet nådde andreplassen på Billboard 200 og vart eit av dei bestseljande albuma hennar. Det selde til gullplate i USA.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Dette var den første turneen til Mitchell med musikarar til å akkompagnere seg. Før dette hadde ho generelt spelt solo og hadde aldri organisert ein turné med eit band.[7] Ho tok med seg eit allereie eksisterande band, jazzfusionbandet L.A. Express, som hadde spelt på det førre studioalbumet hennar, Court and Spark, den største salssuksessen hennar. Eit spor frå dette konsertalbumet, «Big Yellow Taxi», kom ut på singel. Fire år etter studioversjonen hadde nådd 67. plassen på Billboard Hot 100 som singel, nådde denne konsertversjonen 24. plassen på Billboard Hot 100-lista, og vart den fjerde topp 40-singelen til Mitchell og den tredje på rad.

Albuemet inneheld mange av dei mest kjende songane hennar til då, men berre ein song frå det nyaste albumet, og ingen av dei to hitsinglane «Help Me» og «Free Man in Paris». Det inneheld òg to heilt nye songar, «Love Or Money» og «Jericho». Sistnemnde vart spelt inn i ei studioutgåve i 1977 på albumet hennar Don Juan's Reckless Daughter. Alle snogane utanom to vart spelte inn i Universal Amphitheatre i Los Angeles, 14. til 17. august 1974. «Cactus Tree» vart spelt inn i Los Angeles Music Center den 4. mars og «Real Good for Free» i Berkeley Community Theater den 2. mars. Bilete på omslaget var henta frå Pine Knob Music Theater i Clarkston i Michigan.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Joni Mitchell.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«You Turn Me On, I'm a Radio»4:09
2.«Big Yellow Taxi»3:09
3.«Rainy Night House»4:04
4.«Woodstock»4:29
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Cactus Tree»5:01
6.«Cold Blue Steel and Sweet Fire»5:23
7.«Woman of Heart and Mind»3:40
8.«A Case of You»4:42
9.«Blue»2:49
Side tre
Nr.TittelLengd
10.«The Circle Game»6:29
11.«People's Parties»2:42
12.«All I Want»3:21
13.«Real Good for Free»4:27
14.«Both Sides Now»4:14
Side fire
Nr.TittelLengd
15.«Carey»3:30
16.«The Last Time I Saw Richard»3:35
17.«Jericho»3:26
18.«Love or Money»4:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The L.A. Express
Teknisk
  • Henry Lewy – sound lydteknikar, miksing
  • Ken Caillat – assisterande lydteknikar
  • Anthony Hudson – kunstnarisk leiar
  • Mobil innspeling: Wally Heider Recording
  • med Jack Crymes, Biff Dawes

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William (2011). «Miles of Aisles – Joni Mitchell | AllMusic». AllMusic. Henta 24. januar 2021. 
  2. Davis, Stephen (2011). «Joni Mitchell: Miles Of Aisles : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 24. januar 2009. Henta 24. januar 2021. 
  3. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. januar 2021 – via robertchristgau.com. 
  4. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 769. ISBN 1-57859-061-2. 
  5. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Joni Mitchell». The New Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 547–548. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 8. september 2009.  Portions posted at «Joni Mitchell > Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 31. juli 2011. Henta 24. januar 2021. 
  6. RIAA database henta 1. februar 2021
  7. Joni Mitchell website Chronology retrieved 1. februar 2021 Arkivert 19. april 2014 ved Wayback Machine.
  8. Blackburn, Dave (12. september 2011). «A Conversation with Max Bennett». jonimitchell.com. Henta 1. februar 2021.