Milford Track

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delar av stien går over våtmark.
Kvilehytte på Mackinnon Pass.
Sheerdown Peak nær slutten av Milford Track.
Etterlatne turstøvlar ved skiltet som viser enden av turen.

Milford Track er ei vidkjend fotturruteNew Zealand – ho går over fjell og gjennom temperert regnskog i Fiordland National Park sørvest på Sørøya.

Den 53.5 km lange turen startar i enden av Te Anau-sjøen, og endar i Milford Sound ved Sandfly Point, etter å ha gått gjennom regnskog, våtmark og over eit alpint pass.

New Zealand Department of Conservation klassifiserer denne turen som ein, Great Walk, og vedlikeheld tre hytter langs ruta: Clinton Hut, Mintaro Hut og Dumpling Hut. Der finst òg tre private hytter og fire kvilehytter langs ruta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Maoriar brukte Milford Track til å samla og transportera dei verdfulle grønstein. Det finst mange maorisegner om stien og dei innfødde dyra som lever her.

Donald Sutherland og John Mackay var dei første europeiske oppdagarane som fekk sjå fossefalla som no er kjende som Mackay Falls og Sutherland Falls, i 1880.[1]

Quintin McKinnon var ein oppdagar og entreprenør, og var den første som spreidde informasjon om Milford Track til publikum. Han byrja sjølv som turleiar, og utvida denne verksemda gjennom ein marknadsføringskampanje. Mange stader langs Milford Track har fått namn etter Mackinnon, mellom desse Mackinnon Pass, det høgastliggjande punktet langs ruta. I følgje offisiell litteratur frå Miljødepartementet (DOC), imponerte også Mackinnon med si «evne til å baka pompolonas, eit slag scone, derfrå har ei av hyttene langs ruta teke namnet.»[2]

Då Milford Sound aldri vart sett på som å ha ei industriell eller landbrukstilknytt framtid, meinte alt dei første oppdagarar og investorar at turisme måtte vera den største tiltrekkingskrafta for å få tilreisande til sundet. Milford Track vart for ein stor del etablert for å styrka turismen, og særleg turar med førar.

Heilt frå den første tida, var turen svært populær blant kvinner. Somme grupper kunne ha tre fjerdedelar kvinner, sjølv i den første halvdelen av 1900-talet.[3]

I ei lang tid hadde berre kommersielle verksemder løyve til å driva ferdsle på ruta. Så tvinga rørsla Freedom Walker, leia av alpine klubbar og turlag på New Zealand, fram eit kompromiss som tillét individuelle, sjølvleia turar på denne inntil då strengt «rasjonerte» ruta. I dag tillet kvotesystemet at om lag halve kapasiteten på ruta vert nytta av turar med førar, medan den andre halvdelen består av folk som går på eiga hand eller i uformelle grupper. Det er separate hytter for kvar av desse kategoriane.

På grunn av populariteten til denne ruta, og den avgrensa tilgangen på overnatting (camping er ikkje tillate), vil ho framleis vera strengt regulert.

Tilgjenge[endre | endre wikiteksten]

Til skilnad frå dei fleste andre Great Walks, har Milford Track inga direkte tilknyting til bilveg, slik at vandrarane treng transport med båt til startpunktet frå Te Anau Downs til Glade House (det sørlege statpunktet til ruta). Det er også mogeleg å gå til startstaden langs Dore Pass-ruta (10,5 km ein veg), men dette er eit avansert spor, og ikkje tilrådd for dei fleste vandrarar[4]. I den nordlege enden, ved Sandfly Point, må ein annan båt frakta vandrarane attende til Milford Sound. Går ein frå nord til sør, trengst like eins båttransport, men denne retningen kan altså berre gåast vinters tid.

Høgsesong[endre | endre wikiteksten]

Under høgsesongen om sommaren, frå seint i oktober til seint i april, er tilgangen til ruta strengt regulert. Dei reisande må fullføra turen på fire dagar, og berre gå mot nord. Det er ikkje lov å slå leir ved ruta. Gåande kan ta ruta på eiga hand, eller som del av eit meir kostbart turlag med førar. Høgst 90 gåande kan starta på turen kvar dag, 40 på eiga hand, og 50 i grupper. Til vanleg er desse 90 plassane tinga bort fleire månadar i førevegen, trass i dei høge kostnadane på turane med førar.

På grunn av ordninga med ferdsel i ein retning, og avgrensa plassar i hyttene, er dei gåande nøydde til å vera under vegs, sjølv i dårleg vêr. I periodar med svært mykje flaum, tilkallar DOC regelmessig helikopter som flyg dei vandrande over overfløymde delar av ruta utan ekstra kostnad.[5]

Turar på eiga hand[endre | endre wikiteksten]

Dei som går turen på eiga hand, må tilbringa nettene i hytter som er åtte av, og vedlikehaldne av Department of Conservation. Hyttene er enkelt utstyrte med kvile- og soverom og utstyr for matlaging. Dei reisande må sjølve ha med eige utstyr og mat.

Turar med førar[endre | endre wikiteksten]

På turar med førar bur vandrarane i hytter som er åtte og drivne av Ultimate Hikes.[6] Desse hyttene er godt utstyrte, som til dømes med varme dusjar, ferdiglaga måltid, senger, opphaldsområde, elektrisk lys og tørkerom. Vandrarar på turar med førar treng berre å bera med seg klede, toalettartikklar, teppe og lunsj på vegen. Førarar går med vandrarane og hjelper til der det trengst.

Utanom sesongen[endre | endre wikiteksten]

Utanom høgsesongen, frå mai til midt i oktober, er ruta i røynda uregulert, og ein kan gå i båe retningar, og på så mange dagar ein ønskjer. Det er vanskelegare og meir utfordrande å gå på denne tida, etter som utstyret i hyttene er fjerna, og somme av bruene er tekne ned for å unngå skadar av ras. Råd til dei som tenkjer å gå turen om vinteren omfattar:

...der er 57 rasområde på vegen, somme av desse rasa kan kryssa sporet og etterlata seg rasmateriale i dalbotnen.... du må vera i stand til å kryssa store, kraftige og isete elver... Mackinnon Pass er ikkje merka, og ofte dekt av djup snø...[7]

Hytter[endre | endre wikiteksten]

Namn Omtale Distanse Koordinatar
DOC-hytter
Clinton Hut 1. natt, like før Clinton Forks, etter å ha passert bordflakane over myrene. 5,0 km 44°54′18.23″S 167°54′6.63″E / 44.9050639°S 167.9018417°E / -44.9050639; 167.9018417 (Clinton Hut)
Mintaro Hut 2. natt, like før starten på stiginga til Mackinnon Pass 21,5 km 44°48′37.61″S 167°46′34.84″E / 44.8104472°S 167.7763444°E / -44.8104472; 167.7763444 (Mintaro Hut)
Dumpling Hut 3. natt, Nokre få kilometer etter Quintin Lodge 35,5 km 44°46′07.18″S 167°45′56.35″E / 44.7686611°S 167.7656528°E / -44.7686611; 167.7656528 (Dumpling Hut)
Private hytter (for turar med guide)
Glade House 1. natt, berre 1,6 km frå start. 1,6 km 44°55′18″S 167°55′43″E / 44.921797°S 167.928721°E / -44.921797; 167.928721 (Glade House)
Pompolona Lodge 2. natt, i ein skogkledd del av Clinton Canyon, like etter Bus Stop Shelter. 17,5 km 44°50′15″S 167°48′03″E / 44.837485°S 167.80094°E / -44.837485; 167.80094 (Pompolona Lodge)
Quintin Lodge 3. natt, ved avkøyringa til Sutherland Falls, på The Roaring Burn. 32,5 km 44°47′29″S 167°45′11″E / 44.791348°S 167.752985°E / -44.791348; 167.752985 (Quintin Lodge)
Kvilehytter
Hirere Shelter Like etter Clinton Forks 44°52′12.48″S 167°50′32.13″E / 44.8701333°S 167.8422583°E / -44.8701333; 167.8422583 (Hirere Shelter)
Bus Stop Shelter Like før Pompolona Lodge 44°50′25.73″S 167°48′16.08″E / 44.8404806°S 167.8044667°E / -44.8404806; 167.8044667 (Bus Stop Shelter)
Pass Hut På toppen av ruta i Mackinnon Pass 44°48′11.58″S 167°46′33.55″E / 44.8032167°S 167.7759861°E / -44.8032167; 167.7759861 (Pass Hut)
Boatshed Hut Rett før Mackay Falls 44°44′20.33″S 167°48′11.18″E / 44.7389806°S 167.8031056°E / -44.7389806; 167.8031056 (Boatshed Hut)

Utsiktsstadar[endre | endre wikiteksten]

Namn Omtale Stad
Mackinnon Pass Eit imponerande grensepass, omgjeve av brekledde fjell. 44°48′4.8″S 167°45′58.57″E / 44.801333°S 167.7662694°E / -44.801333; 167.7662694 (Mackinnon Pass)
Sutherland Falls Det høgaste fossefallet på New Zealand på 580 meter, med konstant vasstilførsel frå Quill Lake. 44°48′.8028″S 167°43′48.77″E / 44.800223000°S 167.7302139°E / -44.800223000; 167.7302139 (Sutherland Falls)
Nicholas Cirque Ein ring av brekledde fjell oppe i dalen som ruta følgjer nordover til Mackinnon Pass. 44°48′S 167°45′E / 44.800°S 167.750°E / -44.800; 167.750 (Nicholas Cirque)
Mackay Falls & Bell Rock Bell Rock vart uthôla av Mackay Falls, og så snudd opp ned. Det er mogeleg å stå oppreist i den uthôla delen, som innvendig er over 4 meter høg. 44°43′52.29″S 167°47′25.40″E / 44.7311917°S 167.7903889°E / -44.7311917; 167.7903889 (Mackay Falls & Bell Rock)
Giant Gate Falls Det siste store fossefallet på Milford Track på vegen nordetter. 44°42′13.96″S 167°51′9.46″E / 44.7038778°S 167.8526278°E / -44.7038778; 167.8526278 (Giant Gate Falls)
Adasjøen Ein innsjø som er danna av eit jordskred over elva Roaring Burn river. 44°42′30.68″S 167°51′27.56″E / 44.7085222°S 167.8576556°E / -44.7085222; 167.8576556 (Lake Ada)
Milford Sound Verdskjent for dei imponerande loddrette klippene som kler dei spegelliknande fjordane. 44°36′55.12″S 167°51′43.84″E / 44.6153111°S 167.8621778°E / -44.6153111; 167.8621778 (Milford Sound)
Te Anau-sjøen Innsjøen er danna av glasiale krefter, og inneheld den nest største mengda ferskvatn på New Zealand. Han er omgjeven av fjell, mellom desse Kepler og Murchison Mountains som reiser seg 1 400 meter over overflata til sjøen. 44°56′24.22″S 167°54′43.77″E / 44.9400611°S 167.9121583°E / -44.9400611; 167.9121583 (Lake Te Anau)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. W.T. Parham. «Story: Sutherland, Donald». Te Ara The Encyclopedia of New Zealand. Henta 30. mai 2015. 
  2. History of the Milford Track at NZ Department of Conservation
  3. The Finest Walk In The World - information and history book provided in the Milford Track huts, New Zealand Department of Conservation
  4. «Dore Pass Route». Department of Conservation. Henta 30. mai 2015. 
  5. «More than 170 airlifted across Milford Track». The New Zealand Herald. NZPA. 7 May 2009. Henta 30. mai 2015. 
  6. http://www.ultimatehikes.co.nz
  7. "Milford Track: Winter tramping", DOC

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Milford_Track frå Wikivoyage