Militærkrossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Militærkrossen

Militærkorssen (eng. Military Cross) er ei britisk militær utmerking som vart innstifta 28. desember 1914. I førstninga vart ho delt ut til offiserar som hadde lågare rang enn majorgrad; frå 1931 kunne òg majorar bli tildelt utmerkinga. Innehavarar kunne leggje til MC etter namnet sitt.

Frå 1993 kunne utmerkinga tildelast personell same kva grad. Samtidig vart Militærmedaljen - som vart delt ut til menig personell - teken ut av bruk.

Military Cross & Bar[endre | endre wikiteksten]

Utmerkinga kan òg tilføyast spenne for anerkjenning av vidare vågemot. Innehavarar av utmerkinga (nn. Militærkrossen med spenne) kan då leggje til MC & Bar etter namnet sitt.

Norske innehavarar[endre | endre wikiteksten]

Gregers Gram, Arthur Pevik og Birger Rasmussen frå Oslogjengen er kjende norske innehavar av Militærkrossen, medan Max Manus og Edvard Tallaksen frå same gruppe begge vart tildelt Militærkrossen med spenne for innsatsen sin under andre verdskrigen.