Miljødirektoratet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miljødirektoratet
TypeDirektorat
Org.nummer999 601 391
Skipa2013
MiljødirektørEllen Hambro[1]
VerkeområdeNoreg
TilsetteCa. 700
UndergrupperStatens naturoppsyn
EigarskapMiljøverndepartementet
Nettstadmiljødirektoratet.no

Miljødirektoratet er eit norsk direktorat som blei oppretta 1. juli 2013 gjennom samanslåing av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forurensningsdirektoratet.[2] Miljødirektoratet er underlagt Miljøverndepartementet.[3]

Eit mål med etableringa av direktoratet har vore å forenkle og betre styringsdialogen mellom departement og direktorat, og vidare til fylkesmenn og kommunane.

Direktør[endre | endre wikiteksten]

Ellen Hambro blei i statsråd 22. mars 2013 åremålstilsett som direktør for Miljødirektoratet frå 1. juli same år.[4] Ho leda også arbeidet med samanslåinga av dei to direktorata i perioden fram til Miljødirektoratet blei oppretta.[5]

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Dei overordna oppgåvene er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.[6] Meir spesifikt omfattar det oppgåver innan

  • klima, klimagassar og klimatilpassing
  • helse- og miljøskadelege stoff
  • naturmangfald - forvaltning av areal og leveområde
  • forvaltning av artar og bestandar
  • friluftsliv
  • forvaltning av hav- og kystmiljø
  • forvaltning av elver og innsjøar
  • avfall og gjenvinning
  • luftforureining og støy
  • regulering og tilsyn av industri og petroleumsverksemd

Grunnfunksjonane til direktoratet er å

  • overvake miljøtilstanden og formidle miljøkunnskap og -informasjon
  • vere myndigheitsutøver - forvalte lover og forskrifter, fatte vedtak etter desse og føre tilsyn
  • styre og rettleie regionalt og kommunalt nivå
  • vere fagleg rådgivar og samordne sektorovergripande arbeid
  • bidra i internasjonalt miljøarbeid

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Miljødirektoratet har til saman om lag 700 tilsette – dei fleste av desse ved kontora i Trondheim og Oslo. Den overordna leiinga er lokalisert i Trondheim. Statens naturoppsyn er ein del av direktoratet med over 60 lokalkontor over heile landet.

Direktoratet er delt inn i følgjande avdelingar:

  • avdeling for artsforvaltning
  • industriavdelinga
  • klimaavdelinga
  • miljøgiftavdelinga
  • avdeling for naturbruk og vern
  • avdeling for naturressursar og klima
  • tilsynsavdelinga
  • organisasjonsavdelinga
  • Statens naturoppsyn

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]