Millstätter See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Millstätter See
Millstätter See -
Millstätter See -
Stad Kärnten i Austerrike
Koordinatar 46°48′N 13°36′E
Tilsig Riegerbach
Tilsigsområde 280 km²
Tilknytte land Austerrike
Største lengde 12 km
Største breidde 1,8 km
Overflateareal 13 km²
Største djupne 142 m
Vassvolum 1 170 millionar m³
Høgd over havet 588 m
Busetnadar Seeboden, Millstatt, Döbriach

Millstätter See er ein innsjø Kärnten i Austerrike nordaust for den vetle byen Spittal an der Drau. Han er om lag 12 kilometer lang og opp til 1,8 kilometer brei. På det djupaste er han 142 meter, og kan nå temperaturar på 25 °C om sommaren. Dermed er innsjøen ein av dei varmaste innsjøane i Austerrike, og årsaka er vatn som kjem frå varme kjelder i innsjøen.

Innsjøen var danna av ein isbre under siste istid, og spora etter isbreen er tydeleg på begge sider av innsjøen. Fjella like nord for innsjøen strekkjer seg opp til 2000 meter over havet, og i sør opp mot 900 m.

Namnet kjem frå landsbyen Millstatt som ligg like ved innsjøen.

Landsbyen Millstatt