Milo Đukanović
Milo Đukanović (Мило Ђукановић) (fødd 15. februar 1962 i Nikšić), er ein montenegrinsk politikar, og tidlegare president og statsminister i Montenegro. Han var statsminister for tredje gang frå 29. februar 2008 til 21. desember 2010. Han var tidlegare statsminister i Montenegro frå februar 1991 til februar 1998 og 2003 til 2006, og president i Montenegro frå januar 1998 til november 2002.
Đukanović var ein sterk forkjempar for sjølvstende for Montenegro, noko han oppnådde i juni 2006. I november same året gjekk han av som statsminister, sjølv om partiet hans nettopp hadde vunne parlamentsvalet. Han erklærte at han hadde fått nok av politikk, og ville prøva seg som forretningsmann. 31. januar 2008 gjekk etterfylgjaren hans, Željko Šturanović, av av helsegrunnar, og Đukanović kom tilbake som statsminister for ein tredje periode.
| Føregjengar: Radoje Kontić |
Statsminister i Montenegro |
Etterfylgjar: Filip Vujanović |
| Føregjengar: Filip Vujanović |
Statsminister i Montenegro |
Etterfylgjar: Željko Šturanović |
| Føregjengar: Željko Šturanović |
Statsminister i Montenegro |
Etterfylgjar: Igor Lukšić |
| Føregjengar: Momir Bulatović |
President i Montenegro |
Etterfylgjar: Filip Vujanović |