Milorg
Milorg er namnet på den militære motstandsorganisasjonen som vart bygd opp i Noreg i løpet av den andre verdenskrigen. Hovudoppgåva var å førebu og ha styrkar klare til frigjeringa, og støtte ein eventuell alliert invasjon. Milorg dreiv òg eit omfattande etterretningsapparat og støtta allierte operasjonar i Noreg. Utover i krigen var dei også aktive med eigne sabotasjeoperasjonar. Ved krigsslutt hadde Milorg ein styrke på 40 000 soldatar som deltok i frigjeringsprosessen.
Innhaldsliste |
[endre] Organisasjonen
Etter det militære nederlaget i 1940 hadde mange soldatar og offiserar gøymt unna våpen og heldt kontakten seg i mellom i mindre einingar. Andre grupper blei danna med utgangspunkt i mellom anna idrettslaga. Etter kvart tok desse gruppene til å samarbeide lokalt, og alt hausten 1940 begynte arbeidet med å byggje opp ein landsomfattande organisasjon.
Den fyrste gruppa som prøvde å samle motstandsarbeidet, blei riven opp av arrestasjonar. Ut frå denne gruppa sitt arbeid heldt major Olaf Helset saman med m.a. professor Johan Holst, kaptein Jakob Schive og oberstløytnant Ole Berg fram arbeidet med å danne ei fast sentralleiing i Oslo - Den sentrale ledelse (SL). Olaf Helset blei arrestert i februar 1941
Milorgs øvste organ vart kalla Rådet og hadde fire medlemmar. Det var fleire utskiftingar ettersom medlemmar blei arresterte eller måtte rømme landet. Sommaren 1942 vart juristen Jens Chr. Hauge medlem. Han vart sentral i å leie organisasjonen og heldt det gåande fram til frigjeringa. I november 1944 vart *Hjemmefronten samla under ei felles leiing.
Rådet meldte seg til teneste i eit brev stila til Kong Haakon den 10. juni 1941, og det var tydeleg at dei ikkje var særleg imponerte over London-regjeringas innsats:
- «Hensikten med vår organisasjon er å stille et maktapparat til rådighet for et innenlandsk styre, hemmelig eller offisielt som er godkjent av Kongen og som handler under direkte ansvar overfor Kongen. Dette innenlandske styre skal avgjøre om og når maktapparatet skal tre i funksjon. Det er av vesentlig betydning for oss å få godkjent dette grunnsyn»
Det er uklart om kongen fikk dette brevet, men svaret kom frå britane i form av eit direktiv der det går klart fram at det ikkje er aktuelt å anerkjenne andre enn den «grunnlovsmessige norske regjering». Tilhøvet mellom London og Oslo løyste seg etter kvart, regjeringa godkjente Rådet som leiar for militærorganisasjonen 20. november 1941 og Milorg vart lagt under Forsvarets Overkommando som ei eiga avdeling - FO 4. Denne avdelinga vart seinare delt i to. Ei avdeling skulle ta seg av Milorg, den andre skulle ta seg av sabotasjeaksjonar (Kompani Linge), og trene instruktørar.
Britane hadde ein hemmeleg organisasjon SOE som dreiv operasjonar i okkuperte land, og dei hadde starta sitt arbeide i Norge i 1940. Dei var lenge skeptiske når det gjaldt Milorg, delvis fordi britane ynskte små sjølvstendige grupper styrt direkte frå Storbritannia, men også fordi ein sentralstyrt organisasjon leia frå eit okkupert land var sårbar for infiltrasjon og opprulling. Militærorganisasjonen i Norge var eit faktum og kunne ikkje avviklast eller splittast opp utan vidare. I den sokalla «Stockholmsprotokollen» fra mai 1943 vart det avklara at Den sentrale leiinga skulle stå for det organisasjonsmessige og administrative arbeidet med organisasjonen, men Forsvarets Overkommando skulle ha kommandomynde. Det vart og eit eige milorgkontor i Stockholm, som låg under militærinspektøren der.
Heimmestyrkane hadde lenge eit spent tilhøve til SOE ettersom britane ynskte å halde på store tyske styrkar i Noreg for å lette presset på kontinentet. For å oppnå dette organiserte SOE kommandoraids som førte til ganske store sivile skadar og represaliar i Noreg utan å samordne seg med Hjemmefronten. Tilhøvet mellom Milorg og SOE vart avklara ved forhandlingar i Köpmannebro [1] ved Vänern i Sverige 7.-9. mai 1943.
[endre] Oppgåver
Styrkane til Milorg var irregulære styrkar som skulle operere bak fienden sine linjer, noko som i utgangspunktet ikkje var tillate i høve Folkeretten mellom anna av di det førte til stor fare for represaliar mot dei sivile i områda Milorg opererte. Mot slutten av krigen tok den tyske overkommando i Noreg opp spørsmålet med «Oberkommando der Wehrmacht» (OKW) som fyrst svara at medlem av den norske motstandsrørsla skulle handsamast som stridande dersom dei viste seg i einingar og bar armbind eller andre tydelege kjenneteien. Den tyske politimynde i Noreg protesterte mot denne tolkinga og OKW avgjorde at medlem av motstandsrørsla berre skulle godkjennast som stridande når dei opptredde i einingar på ein tropp eller meir og med kamp som mål. «Sabotasje- og terrorgrupper som opptrer som bandittar ukontrollert og frå bakhald, kjem ikkje inn under denne avgjerda.»
I utgangspunktet var Milorgs leiing Rådet svært varsame med kva oppgåver Hjemmestyrkane skulle ha, dei skulle halde ro og orden dersom den tyske okkupasjonane braut saman, og støtte ein eventuell invasjon. Styrkane skulle ikkje vere væpna før invasjonen hadde byrja. Rådet endra etterkvart syn på dette og kom hausten 1942 fram til at det ikkje var mogeleg å bøye unna for fiendtlege represaliar. Denne avgjerda forverra tilhøvet til den sivile motstandsrørsla, og leiinga i Kretsen skreiv i februar 1943 det sokalla «Partisanbrevet» [2] til regjeringa der dei åtvara sterkt mot å auke den militære aktiviteten. For å løyse opp i spenninga mellom dei to delane av hjemmefronten møtte partane kvarandre Stockholm i mars/april 1943. Dette møtet var vellykka og var med på føre til ei delvis oppklaring i forviklingane mellom Milorg og Kretsen, og etterkvart det samarbeidet som utvikla seg til Heimmefrontens Leiing.
Etter den allierte invasjonen i Normandie, sommaren 1944 hadde dei allierte tilgang på fly og utstyr for sendingar til Noreg, og væpninga av heimestyrkane kunne byrje. Shetlandsgjengen frakta våpen på fiskeskøyter over Nordsjøen, seinare vart og ubåtjagarar tekne i bruk, og allierte fly gjorde over 700 vellykka slepp over norsk jord.
På denne tida var norske heimestyrkar klare til å verte sett inn mot dei tyske okkupasjons styrkane, om ikkje anna så i form av avgrensa aksjonar mot jernbana for å hindre frakt av tyske tropper og utstyr til kontinentet for å stogge invasjonen. Også heimefrontleiinga, FO og SOE støtta aksjonar, men denne gongen var det den allierte overkommandoen (SHAEF) som heldt igjen. Dei forventa ein siger innan utgangen av 1944, og ynskte å ta seg av dei tyske styrkane på kontinentet heller enn å måtte angripe 400 000 tyske soldatar i «Festung Norwegen». Dei allierte hadde heller ikkje ressursar til å støtte ein aktiv motstand i Norge som utvikla seg til full krig. Dette var eit stort vonbrot for mange, og nærmast for å halde moralen oppe fikk SOE lov til å sette inn nokre grupper.
Situasjonen snudde heilt då Hitler starta Ardenneroffensiven i byrjinga av desember 1944 og pressa dei allierte som innsåg at dei nok ikkje kunne få sine soldatar heim til jul likevel. Milorgleiar Jens Chr. Hauge fortalde i boka si - Rapport om mitt arbeide under okkupasjonstiden - at han var i London på dette tidspunktet og hadde møtt lita forståing for norske aksjonar, men like før han skulle returnere til Norge hadde han fått nye direktiv. Desse gav ordre om å setje i verk «den maksimale sabotasje mot jernbaner og veier som lar seg foreine med deira primære oppgåve. Hensikten er å hindre og forsinke fienden i å nå Kontinentet ved å drive dem på sjøen hvor våre sjøstridskrefter kan senke dem, eller tvinge dem til å marsjere på veien. Særlig oppmerksomhet skal vies til sabotasje omkring Trondheim»
[endre] Gutta på skauen
Sjølve bilete på den norske motstandskampen er barske karar som ligg inne på skauen, klar med sine Stenguns til å slåss mot nasistane. Uttrykket kvjem frå sommeren 1944 då okkupasjonsmakta skreiv ut tre årsklassar med ungdom for å vere med i arbeidsteneste. Heimefrontsleiinga frykta at norsk ungdom skulle verte tvinga inn i tysk krigsteneste, og oppmoda via løpesedlar, oppslag og radio ungdommen til å boikotte registreringa:
- Parolen er gitt. Ingen møter til registrering, selv ikke de som blir lokket med at de foreløpig skal slippe å bli innkalt til tjeneste. Snart kommer vår dag! […] Hvis du alt befinner deg i en tysk leir, har du ingen sjanser til å bli med på befrielsen. Vær tro mot ditt land, din konge og ditt folk. Nekt registreringen – koste hva det koste vil.
For dei som ikke registrerte seg hadde Milorg organisert leire inne i skogen, frå desse leirane drog eindel ungdom til Sverige, nokre drog heim, medan andre vart at i leirane og fekk militær opplæring. Desse «cellene» skulle vere del av Milorg sine styrkar som skulle settjast inn i høve frigjeringa. No let frigjeringa vente på seg, og det kunne vere lange dagar inne på skogen til maidagane 1945.
I 1944 starta oppbygginga av regulære partisanbasar inne i aude fjell og skogsområder. Slike vart oppretta i Sør-Trøndelag – Hjort, Hedmark – Orm, Sogn og Fjordane og Hordaland – Bjørn West og Bjørn East, Rogaland – Varg og i Buskerud og Oppland – Elg. Bjørn West og Bjørn East var opprinnelig basen Fjord.
Basane Orm og Hjort skulle få forsyningar via Sverige, men den svenske regjeringa nekta å gje løyve til å transportere materiell gjennom Sverige og dei vart aldri fullt operative. Opprettinga av Varg-basen vart vanskeleg på grunn av intens tysk aktivitet. Det vart kursa ein del mannskapar i denne basa og den tok imot 25 flyslepp. Basen Bjørn East fekk problem på grunn av problem med radiosambandet med Home Station i England som førde til mangel på forsyningar.
Basen Elg vart etter kvart svært omfattande, med stort område for flyslepp med Eureka-stasjon inne i fjella ved Vassfaret og fekk som oppgåve å drive kursing av lagleiarar og seksjonsleiarar i Milorg. Etter enda kursing drog mannskapane heim og kursa sine lag og seksjonar i det dei hadde lært. På slutten av krigen, 24. april 1945, støtte tyske tropper saman med norske heimefrontkarar på kurs i Eggedal, sørvest i området til Elg. I basen var det 130 menn, og etter fire timar med kamp vart okkupasjons styrkane og hirdmennene slått tilbake. Dei norske styrkane mista 5 mann og fekk 3 såra. Dei tyske styrkane mista 29 mann og fekk omtrent like mange såra. Milorgstyrken trekkte seg nordover inn i kjerneområdet av basa og vart oppløyst der. Totalt mottok basa 38 flyslepp (Offisielle? Basen var dumpingplass for flyslepp når mottaker ikkje vart funnet) og hadde på slutten av krigen eit lager av materiell og våpen for 2500 mann.
Bjørn West vart oppretta som ein ordinær militærforlegning og var direkte underlagt Forsvarets Overkommando i London. Her var målet å opprette ein stor styrke som skulle vere disponibel som innsetjingsstyrke. Viss den vart utsett for angrep skulle den trekkje seg attende til fjellområda langs Sognefjorden eventuelt verte evakuert av marina. Styrkane fekk mykje av sitt materiell sjøvegen frå England. Dette vart båre opp i fjellet og inn til basa, i tillegg kom mykje med flyslepp. Etter eit forsøk på å omringe dei norske styrkane i BA 2 ved påsketide var det stille fram til 27. april då okkupasjons styrkar og gestapo vart landsett i Matre. Litt seinare kom tyske krigsskip inn fjorden, og 28. april gjekk okkupasjons styrkar til angrep på basa etter oppklaring inne på fjellet. Kampane raste til 4. mai då dei norske styrkane trekte seg ut.
Alt tidleg på ettervinteren vart okkupasjonsmaktene klare over at det var ei større base inne på fjelelt. Dette viser den tyske aktiviteten. 6. april vart Sjur Lindebrække, Hans Sevaldson og Reidar Skau kontakta av ein skibsreiar i Bergen. Bak kontakta var øvstkommanderande for dei tyske styrkane i Vest-Norge, general de Boer. Han var uroa for situasjonen og ynsker å kome i kontakt med Heimefronten for å unngå kaos og få ei fredelig avsluting på krigen. Alt tyder på at dette var eit reint soloutspell, for den tyske kommandanten i Noreg, general Franz Böhme sende ut ein dagsbefaling til sine offiserer 5. mai[1] «Oppdraget som er stilla Wehrmacht i Norge er nå som tidligare å forsvare sitt område mot eitkvart fiendtleg angrep, om det kjem utanfrå eller frå den norske motstandsrørsla. Storadmiralen (Dönitz) ser det som sin viktigaste oppgåve å redde så mange tyskare og så mykje tysk område som muleg frå bolsjevikisk kaos. Alle andre oppgåver må underordnast dette fortsett… Vi må vere klar til kamp no og i tida framover.» Lindebrække svara svært varsamt på henvendinga, og meinte at FO i London burde snakkast med motsette de Boer seg at dette skulle skje over radio ettersom han meinte at Gestapo kunne snappe opp meldinga. Istaden vart major Eivind Moe sendt som kurer og drog til England i slutten av april.
I ein situasjon der general de Boer gjennom sitt soloutspill forhandlar ein avvikling av krigshandlinger braut det ut open strid i fjella mellom okkupasjons styrkar og styrkane ved Bjørn West. General de Boer gjorde det klart at kampane måtte stansast, viss ikkje var det meiningslaust å fortsette å forhandle. Dei norske styrkane må trekkje seg attende medan han på si side skulle stanse tyske angrep. Etter at det gjekk melding til overkommandoen i London kom det 2. mai melding til Bjørn West om at «fortsatte kamper er ikke ønskelig», og dei norske styrkane trekkte seg ut 4. mai.
-->
[endre] Kjelder
- ↑ François Kersaudy; Vi stolar på England, 1991