Milwaukee County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Wisconsin der Milwaukee County er markert med raudt

Milwaukee County er eit fylke i den USA-amerikanske delstaten Wisconsin. Fylket har eit areal på 3 081 km², der heile 2 456 km² er vatn. I 2010 hadde Milwaukee County 947 735 innbyggarar. Administrasjonssenteret for fylket ligg i byen Milwaukee som også er største byen i fylket, såvel som i delstaten Wisconsin.

Milwaukee County ligg aust i delstaten ved Michigansjøen og grensar mot Ozaukee County i nord, Racine County i sør, Waukesha County i vest og mot Washington County i nordvest.

Fylket har namn etter ojibweindianske ordet mino-aki som tyder «godt land».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]