Mimaskrateret Herschel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet Herschel, sjå Herschel.
Herschel-krateret

Herschel er eit gigantisk nedslagskratersaturnmånen Mimas. Det er namnsett etter astronomen William Herschel frå 1700-talet, som oppdaga Mimas i 1789.

Krateret er så stort at det er overraskande at Mimas ikkje blei knust under nedslaget som laga det. Krateret måler 130 kilometer på tvers, omtrent 1/3 av månens totale diameter; kraterveggane er omtrent fem kilometer høge, nokre delar av kraterbotnen ti km djupe og fjellet midt i krateret strekkjer seg seks km over kraterbotnen. Om eit krater på jorda skulle ha hatt same proporsjonar som Herschel i forhold til Mimas, ville det ha målt over 4000 km i diameter, breiare enn Canada. Nedslaget som danna Herschel-krateret må nesten ha øydelagd Mimas; sprekkar på andre sida av månen som kan sjåast, kan ha vore eit resultat av sjokkbølgjene som reiste gjennom månen like etter nedslaget.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]