Mimikry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dronefluga Eristalis tenax liknar ei honningbie, men kan ikkje stikka. Likevel heldt mange predatorar seg unna ho

Mimikry er, i biologi, ei tilpassing der ein art liknar ein annan. Det vert brukt både som åtak og forsvar, og førekjem i ei rekkje forskjellige dyregrupper.

Når mimikry vert brukt av primære byttedyr, etterliknar utsjånaden deira artar som av ulike grunnar vert sett på som anten uetandes eller skremmande. Eit døme på dette er dei amerikanske mjølkeslangane, som trass i at dei er heilt ufarlege har fargeteikningar som dei særs giftige korallslangane. Predatorar unngår som regel individ med slike mønster, sidan det kan kosta dei livet å ta feil av artane.

Rovdyr som brukar mimikry i jakt omfattar m.a. falsk pussarfisk, som utnyttar det mutualistiske tilhøvet mellom pussarfisken og ei rekkje større fisk. Pussarfisken et parasittar og daudt vev frå store rovfisk og får såleis både beskyttelse mot å bli eten og eit godt måltid, medan dei store fiskane får betre helse av tilhøvet. Den falske pussarfisken lever derimot av små kjøtbitar han riv laus frå byttet sitt. Sidan han er farga som ein pussarfisk kjem han mykje tettare innpå dei store fiskane enn han elles ville ha gjort utan å setja seg sjølv i livsfare.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.