Min Áigi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Min Áigi
TypeTo gonger i veka
FormatTabloid
Oppretta1993
Første trykk22. mai 1993
Opphald i produksjonen2008
Nedlagd2008
Språknordsamisk
EigarskapFinnmark Dagblad, Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund, Samenes Landsforbund, Davvi Girji, lokale sameforeiningar og einskildaksjonærar
Opplag1 179 (2005)
RedaksjonskontorFinlandsveien 14
Postnummer9730
StadKarasjok
Ansvarleg redaktørSvein Nordsletta
Nettstadwww.minaigi.no

Min Áigi («Vår tid») er ei tidlegare samiskspråkleg avis som dekte samisk kultur og samfunnsliv. Ho kom ut to gonger i veka, og hadde redaksjon i Karasjok. Min Áigi hadde lokalkontor i Tana, Kautokeino og Jokkmokk, og marknadsavdeling i Lakselv.

Min Áigi var eit framhald av den samiske avisa Sámi Áigi, som gjekk konkurs i mars 1993. Ho vart etablert i 1993, første nummer kom ut 22. mai 1993. Sjølv om redaksjonen og dei fleste abonnentane var i Noreg, ønskte Min Áigi som visjon å bli ei «allsamisk» avis for samar i alle dei nordiske landa.

Finnmark Dagblad i Hammerfest var hovudeigar gjennom eigarselskapet Min Áigi AS. Andre eigarar var mellom anna Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund (NSR), Samenes Landsforbund (SLF) og Davvi Girji.

Samanslåing til Ávvir[endre | endre wikiteksten]

På ein pressekonferanse 15. august 2007 la Áššu og Min Áigi fram planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis.[1] Namnet på den nye avisa blei Ávvir (etter eit framlegg av Láilá Susanne Vars, namneframlegget vart publisert i Min Áigi og Áššu 18. januar 2008). Første utgåva av Ávvir kom på Samefolkets dag, 6. februar 2008.

Opplag[endre | endre wikiteksten]

  • 2002: 1 197
  • 2003: 1 072
  • 2004: 1 211
  • 2005: 1 179
  • 2006: 1 177
  • 2007: 1 104:[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]