Min Áigi
| Min Áigi | |
| ''''' | |
| Type: | To gonger i veka |
| Format: | Tabloid |
| Språk: | nordsamisk |
| Målform: | |
| Lokalavis for | |
| Regionavis for | |
| Riksdekkjande avis | |
| Eigarskap: | Finnmark Dagblad, Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund, Samenes Landsforbund, Davvi Girji, lokale sameforeiningar og einskildaksjonærar |
| Første trykk: | 22. mai 1993 |
| Opphald i produksjonen: | |
| Siste trykk: | |
| Opplag: |
1 179 (2005) |
| Politisk posisjon: | |
| Redaksjonskontor: | Finlandsveien 14, 9730 Kárášjohka |
| Ansvarleg redaktør: | Svein Nordsletta |
| Politisk redaktør: | |
| Nyhenderedaktør: | |
| Kulturredaktør: | |
| Feature-/magasinredaktør: | |
| Produksjonsredaktør: | |
| Debattredaktør: | |
| Administrasjonsredaktør: | |
| Utanriksredaktør: | |
| ISSN: | |
| Pris i laussal: | |
| Nettstad: | www.minaigi.no |
Min Áigi («Vår tid») er ei tidlegare samiskspråkleg avis som dekte samisk kultur og samfunnsliv. Ho kom ut to gonger i veka, og hadde redaksjon i Karasjok. Min Áigi var eit framhald av den samiske avisa Sámi Áigi, som gjekk konkurs i 1989. Ho vart etablert i 1993, første nummer kom ut 22.05.1993. Sjølv om redaksjonen og dei fleste abonnentane var i Noreg, ønskte Min Áigi som visjon å bli ei «allsamisk» avis for samar i alle dei nordiske landa.
Min Àigi hadde lokalkontor i Tana, Kautokeino og Jokkmokk, og marknadsavdeling i Lakselv.
Finnmark Dagblad i Hammerfest var hovudeigar gjennom eigarselskapet Min Áigi AS. Andre eigarar var mellom anna Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund (NSR), Samenes Landsforbund (SLF) og Davvi Girji.
Opplag [endre]
- 2002: 1 197
- 2003: 1 072
- 2004: 1 211
- 2005: 1 179
- 2006: 1 177
Samanslåing til Ávvir [endre]
På ein pressekonferanse 15.8.2007 la Áššu og Min Áigi fram planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis. Namnet på den nye avisa blei Ávvir (etter eit framlegg av Laila Susanna Vars, namneframlegget vart publisert i Min Áigi og Áššu 18.1.2008). Første utgåva av Ávvir kom på Samefolkets dag, 6. februar 2008.