Mindoro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mindoro
øy
Land  Filippinane
Del av Luzon
Areal 10 572 km²
Folketal 1 331 473 (2015)[1]
Kart
Mindoro
12°56′N 121°05′E / 12.93°N 121.09°E / 12.93; 121.09
Wikimedia Commons: Mindoro
Kart over Filippinane med øya Mindoro markert med raudt

Mindoro er ei øy i Filippinane. Ho er den sjuande største øya, dekker ei flatevidd på 10 244 km². Øya ligg sørvest for Luzon og nordaust for Palawan. Landbruket er hovudnæringa med varer som sitrusfrukter, bananar og kokosnøtter. Det bur om lag ein million menneske på øya.

Språk og religion[endre | endre wikiteksten]

Tagalog er det mest tala språket på Mindoro. På nokre delar av øya er det store innslag av dei innfødde sine språk, visayan og mangyan. Filipino og taglish er utbreidd i og i kring stader som Puerto Galera, Pinamalayan og Calapan. Sameleis med tungemåla visayan, mangyan, og ilokano. Framandspråk som vert tala er engelsk, fukien og i liten grad spansk.

Kristendomen er religionen med størst utbreiing. Folkegruppa mangyan, med status som urfolk, praktiserer animisme.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringa på Mindoro er landbruk. Produksjonen omfattar ei mengd frukter, så som sitrus, banan, lanzones, rambutan og kokosnøtter. Mellom kornslaga finn ein ris, mais, sukkerrøyr, peanøtter, fisk (mallefisk, mjølkefisk, tilapia), kveg og fjørfe. Ein del lever av tømmerhogst. Gruvedrift etter kopar, mangan og baritt spelar ei viss rolle. I tillegg vert det teke ut marmor.

Turisme er også viktig, med reisemål som Apo Reef nasjonalpark på øya Lubang, og kommunen Puerto Galera med sine strender og dykkarstader.

Strand nord på Mindoro

Historie[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider vart øya kalla Ma-i eller Mait av kinesiske handelsmenn. Historiske kjelder viser at innbyggjarane på øya på 900-talet mellom anna selde bivoks, bomull, perler, skjelpaddeskal og betelnøtter (til medisinsk bruk). Av kinesarane kjøpte dei porselen, jarngryter, bly, farga glasperler og jarnnåler.

Spanjolane kalla øya for Mina de Oro ('gullgruve'), og av dette kjem dagens namn Mindoro. Frå 1921 utgjorde øya ein eigen provins i Filippinane. Dagens deling av øya i to provinsar, Occidental Mindoro og Oriental Mindoro, har gjeldt sidan 1950. Desse provinsane er igjen ein del av regionen MIMAROPA.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Tamaraw, eller mindoro-dvergbøffel, (Bubalus mindorensis) er ein art særeigen (endemisk) for øya. Tamaraw er eit hornkveg i slekt med vassbøffelen og er ein utryddingstruga dyreart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mindoro