Mineralkjelde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mineralkjelda, etsing av Wenceslas Hollar (1607-1677).
Ei mineralkjelde med jernmedisin i Breznik i Bulgaria.

Mineralkjelder er naturlege kjelder med vatn som inneheld mineral eller andre oppløytse stoff, som anten endrar smaken eller gjev vatnet ein påstått terapeutisk verdi. Salt, svovelsambindingar og gassar er av stoffa som kan løysast opp i kjeldevatn når det renn under jorda.

Kurbad er feriestader som har utvikla seg rundt mineralkjelder, der (ofte rike) kundar drikk vatnet (hydroterapi) eller badar i mineralvatnet.

Historiske mineralkjelder vart ofte utrusta med utførleg steinarbeid - inkludert kunstige basseng, støttemurar, sølyegongar og tak - stundom forma som fantasirike «greske tempel», lysthus eller pagoder.

Mineralvatn frå mineralkjelder har lenge vore ei viktig handelsvare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]