Mineralsamling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei samling av bergartar og mineral.

Mineralsamling er ein hobby som går ut på å samle, ordne og studere mineralprøvar. Det finst fleire retningar innan mineralsamling, frå samling av vene prøvar og smykkesteinar, til samling av på ein meir systematisk og vitskapleg måte. Nærskylde område er samling av meteorittar, bergartar og fossil.

Hobbyen er særleg populær i USA, der samlarane vert kalla rockhounds, men er blitt stadig meir populær i Europa òg. Kvart år vert det halde mange mineralmesser, mellom anna i Tucson og Denver i USA og München i Tyskland. Fleire land gjev ut tidsskrift både av amatørar og profesjonelle forlag. Dei venaste eksemplara av somme mineral kan gå for skyhøge prisar, og mineral er derfor ei handelsvare. Sidan dette skapar ein del utplyndring av førekomstar, som har gjort skade for både forskinga og grunneigarane, er ein del førekomstar blitt verna ved freding.

Norske Amatørgeologers Sammenslutning (NAGS) bestod i 2006 av 36 lokale samskipnader og gjev ut tidsskriftet Stein, som kjem ut ein gong i kvartalet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]