Mingus av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mingus
Studioalbum av Joni Mitchell
Utgjeve Juni 1979
Innspelt 1978-1979 i A&M Studios, Hollywood og Electric Lady Studios, New York
Sjanger Folkjazz, vokaljazz
Lengd 37:20
Selskap Asylum
Produsent Joni Mitchell
Kritikk
Joni Mitchell-kronologi
Don Juan's Reckless Daughter
(1977)
Mingus Shadows and Light
(1980)

Mingus er det tiande studioalbumet til Joni Mitchell og eit samarbeid med jazzmusikaren Charles Mingus. Det vart spelt inn i månadane før han døydde, og vart det siste musikkprosjektet til Mingus. Albumet er tileigna han.   Albumet er forholdsvis eksperimentelt med minimalistisk jazz, akustiske gitarar og til og med ulvar som hyler gjennom «The Wolf That Lives in Lindsey». Alle tekstane er skrivne av Mitchell, medan musikken til fire av songane vart komponert av Mingus, tre av dei nye songar, medan den fjerde er hyllesten hans til saksofonisten Lester Young frå Mingus Ah Um, «Goodbye Pork Pie Hat» frå 1959, som Mitchell skreiv tekst for.   Som det føregåande Don Juan's Reckless Daughter, hyrte Mitchell jazzfusiongruppa Weather Report til å spele på plata. Mingus var òg første gong saksofonisten Wayne Shorter og pianisten Herbie Hancock spelte i studio i lag sidan Shorter sitt Native Dancer frå 1974.   Innimellom songane finn ein lydbandopptak frå eit gebursdagsselskap. På plateomslaget finn ein fleire måleri som Mitchell målte av Mingus. Albumet nådde 17. plass på den amerikanske albumlista.  

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Joni Mitchell, all musikk komponert av Mitchell, bortsett frå der andre er nemnde.

# Tittel Lengd
1. «Happy Birthday 1975 (Rap)»   00:57
2. «God Must Be a Boogie Man»   04:35
3. «Funeral (Rap)»   01:07
4. «A Chair in the Sky» (Charles Mingus) 06:42
5. «The Wolf That Lives in Lindsey»   06:35
6. «I's a Muggin' (Rap)»   00:07
7. «Sweet Sucker Dance» (Mingus) 08:04
8. «Coin i the Pocket (Rap)»   00:11
9. «The Dry Cleaner from Des Moines» (Mingus) 03:21
10. «Lucky (Rap)»   00:04
11. «Goodbye Pork Pie Hat» (Mingus) 05:37

 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]