Minibank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minibankar i Japan.

Minibank er ei maskin som lèt brukarar som identifiserer seg med eit betalingskort og tilhøyrande PIN-kode ta ut kontantar og sjekke saldo på sine konti til ei kvar tid, utan å måtte nytte seg av bankfunksjonærar. Mange minibankar tek òg imot kontantar eller sjekkar, og lèt folk kjøpe frimerke og ladekort for mobilabonnement.

Verdas første minibank vart installert i Enfield Town i London den 21. juni 1967 av Barclays Bank.

I moderne minibankar identifiserer kundane seg med et plastikkort med ei magnetisk stripe som inneheld kunden sitt kontonummer, og ved å taste inn et numerisk passord kalla PIN. Normalt, om denne koden blir slegen inn feil for mange gonger, vil minibanken sluke kortet som ein sikringsprosedyre for å hindre at kortet blir brukt av feil brukar.

I 2005 vart betalingskort med ein tynn, innebygd integrert krins eller ein mikrobrikke, ofte kalla microchip, lansert i Noreg. Desse mikrobrikkane, som kan sjåast på som ei lita datamaskin, inneheld naudsynt informasjon. Betalingskort med slike mikrobrikkar er mykje tryggare mot misbruk enn dei med magnetstripe, og kjem difor til å erstatte kort med magnetisk stripe. Mange kort har no både mikrobrikke og magnetstripe.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Minibank