Minján

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Ein minján (hebr. מִנְיָן eller מִנְיָין [minjān]) er eit uttrykk for ei samling av minst ti jødar over bar misvá- eller bat misvá-alder samla i eitt rom (t.d. i synagogen) eller i ei gruppe utandørs. Visse jødiske rituelle handlingar kan berre utførast i minján — slik som resitering av Kaddísj og Barekhú i gudstenesta og inkludering av «Elohénu» i innleiinga til Birkat hammazón.

Historisk sett har synet på inkludering av kvinner variert. I vår tids ortodokse jødedom, særleg blant askenasiske jødar er det vanlegast at ein berre tel menn og gutar over tretten år i minján i alle samanhengar. I rekonstruksjonistisk jødedom og reformjødedom, og delvis òg i konservativ jødedom, er skikken sidan midten av 1900-talet at både kvinner og menn blir talde med i minjánen. Sidan 1980-åra har dette òg vore det vanlegaste i konservativ jødedom.

Ordet minján blir òg ofte bruka om ei gruppe som ofte kjem saman for å halde gudstenester. I ein synagoge og/eller ei jødisk meinigheit kan det vera fleire slike minjaním. I ein del synagogar har ein separate askenasiske og sefardiske minjaním, separate ortodokse og konservative minjaním eller liknande. Når ei slik gruppering driv fleire felleshandlingar enn berre gudstenester blir dei gjerne organiserte som ein haburá.