Mink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mink

Status i verda: LC Livskraftig
Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Høg risiko for lokalt biologisk mangfald

AmericanMink.jpg

Systematikk
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Mustelidae
Slekt: Mustela
Vitskapleg namn
Mustela vison
Mink
Namn på andre språk
Svensk Mink
Dansk Mink
Engelsk American Mink
Tysk Amerikanischer Nerz, Mink
Fransk Vison d'Amérique
Spansk Visón americano
Russisk Amerikanskaja norka (Американская норка)

Den amerikanske minken, eller berre mink, er eit mårdyr innfødd til Nord-Amerika. Den etter kvart ganske store europeiske bestanden er dels innførd av Sovjet som jaktvilt, og dels etterkommarar av rømde dyr frå pelsfarmar. Dyret er vanleg i Noreg, og vert rekna som eit skadedyr i økologisk samanheng.

Den europeiske minken, Mustela lutreola, er utbreidd i sentral- og aust-Europa, men er truga av utrydjing på grunn av konkurranse med amerikanske minkar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Minken har langstrekt kropp med lang hale og korte bein. Pelsen er som regel mørkt brun, men kan variera frå svart til kvit på grunn av innflytnad frå rømd oppdrettsmink.

Ein vaksen hannmink er mellom 58 og 70 cm lang og veg 0,9-1,6 kg. Hoa er noko mindre, og er stort sett mellom 46 og 57 cm med ei vekt på 0,7-1,1 kg. Maksimal levealder er ca 10 år.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Mink trivst best i skogsområde med vatn. Kva han et, varierer med årstida: Om sommaren er hovuddelen av kosthaldet kreps og frosk med eit visst innslag av fugl og småpattedyr, om vinteren består det som regel av små pattedyr, fugl og egg.

Mink er dyktige til både å symja og å klatra. Dei kan dykka ned til om lag fem meters djupn, og symje omkring minst 30 meter i neddykka tilstand. På grunn av denne hangen til vatn vert hia deira vanlegvis plassert ved elvebredder eller langs sjøkantar. Det hender ofte at dei tek over hi frå andre dyr, t.d. bisamrotte.

Minken er nattaktiv.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Minken er ein solitær jeger, og møter berre andre minkar i paringstida, seint på vinteren. Hannminken er særleg territorial, og markerer revir med moskussekret frå analkjertelen. Mink vert kjønnsmogen om lag 10 månadar gamal, i god tid til si første paringstid. Hoa går drektig i rundt 40-75 dagar før eit kull på 1-8 ungar vert fødd ut på vårparten.

Nyfødd mink veg 8-10 gram og er rosa og skrukkete, med eit tynt kvitt hårlag. Etter tre og ei halv veke opnar dei augo. Utpå hausten forlet dei mora for å danna sine eigne revir.

Mink i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Mink som stikk hovudet ut av hiet sitt

Minken er ein framand art i norsk fauna. Dei første viltlevande bestandane her til lands vart etablerte på 1930-talet i Sunnhordland av etterkomarar av rømde pelsdyr. Om lag på same tid kom dei første minkfarmane på Austlandet, og innan 1955 var det registrert villmink i alle fylke på Austlandet. I 1980 fanst det mink i alle norske fylke utanom Finnmark; i dag finst han òg der. Det er derimot teikn som tyder på at bestanden er på veg ned, sjølv om det ikkje vert ført statistikk over han utanom det som vert teke som jaktvilt. Mink blir i dag oppfatta som ein trussel mot fleire sjøfuglbestandar. Han er i dag svartelista, jamfør Norsk Svarteliste 2007, utarbeidd av Artsdatabanken.