Minusinsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minussinsk
Минусинск
Byvåpenet til Minussinsk
Byvåpenet til Minussinsk


Plassering
Minusinsk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1739
1822
Borgarmeister Anatoli Kekin
Geografi
Flatevidd
 - By

62 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

66 770
  1 076,9 /km²
Koordinatar 53°42′00″N 91°41′00″EKoordinatar: 53°42′00″N 91°41′00″E
Høgd over havet 250 moh
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 66260x
Retningsnummer (tlf) (+7)39132
Nettstad: minusinsk.info

Minusinsk (russisk Минуси́нск) er ein historisk by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 275 km sørvest for Krasnojarsk.

Minusinsk ligg midt i Minusinsksenkinga, som truleg er det viktigaste arkeologiske området nord for Pazyryk. Det er assosiert med Afanasjevokulturen, Tasjtykkulturen og Tagarkulturen - alle kalla opp etter busetnader nær Minusinsk.

Den russiske busetnaden Minjusinskoje (russisk: Минюсинское) vart grunnlagt i 1739, på staden der elva Minusa renn saman med Jenisej. Stavinga vart endra til Minusinskoje (russisk: Минусинское) i 1810.

Minusinsk Steppe, av Vasilij Surikov

Innan 1822 hadde busetnaden vorte eit regionalt senter for jordbruk og transitthandel og fekk byrettar og det nye namnet Minusinsk. På 1800-talet var han eit senter for kulturelle aktivitetar i eit særs stort område. Martjanov Naturhistoriske Museum vart opna i byen i 1877.

Byen var òg ein stad for politisk eksil. Vladimir Lenin vitja Minusinsk ved fleire høve då han var i eksil i den nærliggande landsbyen Sjusjenskoje mellom 1897 og 1900. Under den russiske borgarkrigen var Minusinsk åstad for Minusinskopprøret i 1918.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]